Sigurd Gjerdevik
Ellen Marie Hagevik
Kommunalsjef er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i forhold til politiske og administrative avgjerder og følga opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgivarpolitikk og samfunnsrolle.
Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområdet, og har ansvar for at tenestene blir drive i samsvar med dei overordna måla som blir sett.
Kommunalsjefen har ansvar for
- strategisk leiing i kommunedirektøren si leiargruppe
- overordna leiing av rammeområdet
- budsjett og økonomistyring
Vindafjordtunet er den største eininga i kommunen, og er ein arbeidsplass med mange tilsette og mange bebuarar.
Vindafjordtunet er delt inn i to avdelingar. Det er demens med 34 heildøgnsplassar og geriatrisk avdeling med 14 plassar. I tillegg til dei to bebuaravdelingane er det også dagtilbod til heimebuande demente knytt til Vindafjordtunet. Dagtilbodet inkluderer også tilbodet «Inn på tunet», som er eit tilbod med ein samarbeidande gard i kommunen.
Ølen omsorgssenter har to avdelingar. Ei somatisk avdeling med 12 plassar og korttid/rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Korttidstilbodet til Vindafjord kommune er knytt til Ølen omsorgssenter. Det er også dagtilbod for heimebuande knytt til omsorgssenteret. Heimetenester er også organisert under Ølen omsorggsenter.
- Indre sone gir heimetenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland.
- Ytre sone har sitt basekontor på Vindafjordtunet og gir heimetenester til Skjold, Vats og Vikebygd.
Eininga rus og psykiatri har ansvaret for tilbodet til vaksne over 18 år innanfor tenesteområdet, og driv følgande tilbod i kommunen
Eininga NAV Vindafjord-Etne består av ein statleg og ein kommunal del. Hovudmålsettinga er å få fleire i arbeid og aktivitet. I den kommunale delen har eininga blant anna ansvar for
NAV har også ansvar for busetting av nykomne flyktningar og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Eininga tilrettelagte tenester består av tre heildøgnsbemanna bufellesskap, to i Sandeid og wit i Ølen. Bufellesskapa gir miljøarbeid i heim til menneske med psykisk utviklingshemming. I tillegg kjem utetenesta som gir miljøtenester i heim, støttekontakt og avlastning.
Tilrettelagte tenester tilbyr arbeid og aktivitetstilbod gjennom Gnisten. Både til menneske med psykisk utviklingshemming og til menneske med ulike rus- og psykiatriutfordringar tilhøyrande vaktmesterteamet.
Tilrettelagte tenester består av om lag 50 årsverk fordelt på om lag 75 tilsette.
Eininga utøver helsefremmande- og legetenester til alle i kommunen og omfattar legetenester med blant anna 11 fastlegar og ein LIS (turnuskandidat). Kommunen har to kommunale legekontor i Ølen og Vikedal, og eit privat i Skjold.
Vidare har eininga ansvar for
I samband med koronapandemien er eininga også ansvarleg for all testing, vaksinering, og luftvegslegevakt.
Tenestekontoret i Vindafjord skal sikra tilgang på helse- og omsorgstenester til alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.
Tenestekontoret svarar på spørsmål, gir rettleiing og tar i mot søknadar om helse- og omsorgstenester.