Tilrettelagt arbeid og aktivitetstilbod

På Gnisten i Sandeid får brukarane tilrettelagt arbeid og aktivitetstilbod. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Kva tilbyr me?

  • Målet er å gi eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre, etter eigne behov og ressursar, samtidig med ei utvikling av den enkelte sine ressursar.
  • Brukar får ei funksjonsvurdering som er grunnlag for tilbod om arbeid på brukar sine premissar.
  • Ein får personale tilgjengeleg som gir rettleiing og fagleg oppfølging i faglege forsvarlege tenester ut frå mål om eigenverd, sjølvstende og normalisering.
  • Det vert gitt motivasjonsløn etter nærare fastlagde beløp.

Kven kan få tilbodet?

  • Aktivitet og verkstad: Vaksne personar over 18 år som bur i Vindafjord kommune, primært menneske med psykisk utviklingshemming. Tenesta skal tilpassast individellle behov
  • Vaktmeisterteamet: kan gis til innbyggarar over 18 år med utfordringar innan rus, psykiatri, NAV (aktivitetsplikt, arbeidstrening) og frå integreringstenesta.

Kvar får ein tilbod?

Tilrettelagt arbeid blir gitt ved Gnisten, Vindafjord arbeid -og aktivitetssenter.

Tenester vil som regel vera kjent for eininga etter langvarig samarbeid med brukar og pårørande. Ta kontakt med eining tilrettelagte tenester om du lurer på noko.

Gnisten, Vindafjord arbeids- og aktivitetssenter

Perling av pynt til Gnisten-posane. - Klikk for stort bilete
Konsentrer arbeid ved symaskina. - Klikk for stort bilete
Å gå tur er ein populær aktivitet. Her ein gjeng på toppen av Sletthaug. - Klikk for stort bilete
Vaktmeisterteamet tar mellom anna oppdrag med stell og park- og uteområde. - Klikk for stort bilete
Vaktmeisterteamet tar mindre maleoppdrag. - Klikk for stort bilete

Gnisten, Vindafjord arbeid- og aktivitetssenter, er eit senter med 3 avdelingar. Det er 35 deltakarar på Gnisten. Desse er fordelt på aktivitet, verkstad og vaktmeisterteam.

Gnisten har som mål å gi den enkelte arbeidstakar økt livskvalitet i ein meiningsfull arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver. Vidare vil me tilrettelegga for at den enkelte i størst mogleg grad får nyttiggjera sin arbeidsevne.

  •  Aktivitet og verkstad har variert innhald. Aktiviteten har felles songstund og «danseLars» tre dagar i veka. Brukarane kan nytta seg av Gnisten sitt eige sanserom, og har tilgjengelig velvererom med takheis og boblebad. Verkstaden driv med produksjon av tennbrikettar, gjerdeklyvarar, ulike tre- og tekstilprodukt og makulerer papir.
  •  Vaktmeisterteamet er ein arbeidsretta aktivitet og møteplass for menneske med ulike utfordringar innan rus og/eller psykiatri eller frå ulike tiltak gjennom NAV. Vaktmeisterteamet tar små og store oppdrag for kommunen og privatpersonar; eksempelvis vask av bilar, stell av park- og uteområde, vårrydding i hagar og diverse små malingsoppdrag.

Gnisten har eigen butikk med mange fine produkt som er produsert på Gnisten. Følg oss gjerne på Facebook!

Slik søker du helse- og omsorgstenester

 

Kontaktinformasjon

Gnisten
Vindafjord arbeids-og aktivitetssenter
E-post
Telefon 53 65 56 31

Besøksadresse
Sandeidvegen 792, 5582 Sandeid

Butikken si opningstid
Måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00

    

Profilbilde av Birte Dyngeland
Birte Dyngeland
Avdelingsleiar
Gnisten
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 56 31
Mobil 97 51 41 37