Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk stønad (sosialhjelp) er ein del av samfunnet sitt økonomiske tryggleiksnett og skal sikra at alle har nok midlar til livsopphald. Hjelpa er meint å vera midlertidig og skal bidra til å gjera deg økonomisk sjølhjulpen.

Kva tilbyr me?

Før du kan få økonomisk stønad må du ha vurdert alle andre moglegheiter til sjølvforsørging, som lønsinntekter, trygderettar, sysselsettingstiltak, studielån, bruk av formue eller reduksjon av utgifter.

Storleiken på sosialhjelpa, samt kva anna hjelp og oppfølging du kan få, blir vurdert individuelt og skjønnsmessig ut frå kva behov du har. Økonomisk stønad blir ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing.

Kven kan få økonomisk stønad?

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga gjeld for alle personar som oppheld seg lovleg i landet.
  • Om du ikkje kan sørga for livsopphald gjennom arbeid eller ved hjelp av andre kjelder til inntekt. Alle har rett til å levera søknad for å få si sak vurdert.
  • Ektefeller har ansvar for å forsørga kvarandre. Det er eit krav at ektefella si inntekt og forsørgarevne skal vurderast og nyttast fullt ut, før ein person har rett på stønad.

NAV-kontoret i opphaldskommunen din tar i mot søknad og vurderer behovet for hjelp. NAV-kontoret vil vanlegvis ha ein samtale med deg før søknaden vert behandla, mellom anna for at de saman kan sjå på hjelpebehovet.

Det kan vera nødvendig å gjera ei heilskapleg vurdering av den økonomiske, sosiale og helsemessige situasjonen din. Søknadar blir avgjort etter ei individuell vurdering.

Vedlegg til søknaden

Det er krav om dokumentasjon av inntekter og utgifter. Du kan få raskare svar om du sjølv hentar inn den informasjon som er nødvendig for å behandla søknaden.

Relevante vedlegg til søknaden kan vera:

  • Siste likningsattest
  • Saldo frå alle konti
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadar
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysingar om lån, kredittgjeld osv.
  • Kvittering for betalt husleige og straum
  • Utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor, tannlege osv.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysingar om innskot i spareordningar

Saksgang og klagerett

Alle som søker om økonomisk stønad til livsopphald har krav på svar i form av eit skriftleg vedtak. Saksbehandlingstida kan variera, men må alltid følga krava i forvaltingslova. Dersom saksbehandlingstida er meir enn ein månad, skal det bli gitt foreløpig svar.

Du har rett til å klaga på vedtaket frå NAV. Klagefrist er 3 veker frå du mottar vedtaket.

Klagen skal sendast til NAV Vindafjord-Etne, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Når klagen din er mottatt, blir saka di vurdert på nytt. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vert saka vidaresendt til Statsforvaltaren i Rogaland.

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Rune Slotten
Rune Slotten
Teamleiar
NAV
E-post
Telefon 55 55 33 33
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33