Dagtilbod for eldre

Kva tilbyr me?

 

Kva er dagsenter?

Dagsenter er eit dagaktivitetstilbod med ulike aktivitetar som kan bidra til ein meiningsfull kvardag med sosialt samvær, meistring og tryggleik.

Mål for dagsenteret

Målet for tenesta er å medverka til å skapa inspirasjon og trivsel i kvardagen, og hjelp til å oppretthalde eige funksjonsnivå slik at du kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Me har fokus på å skapa gode opplevingar via sansane våre gjennom ulike aktivitetar som song og musikk, matlaging, turar og ikkje minst vera saman med andre.

Kven kan søka?

Bur du heime og har behov for å koma deg ut av ein isolert kvardag? Eller har du pårørande som treng avlasting?

Eldre personar med fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting eller personar med demens sjukdom kan også ha nytte av denne tenesta.

Kva dagsenter har me?

  • Dagsenter for eldre heimebuande, ved Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.
  • Dagsenter for personar med demenssjukdom eller anna kognitiv svikt. Dette er for tida på Vindafjordtunet og «Inn på tunet».

Dagsenter for eldre heimebuande

Dagsenteret for eldre gir tilbod til heimebuande eldre med funksjonssvikt som har behov for aktivitet og sosial deltaking utover eige nettverk.

Tilsette ved dagsenteret tilrettelegg og tilpassar aktivitet.

Det blir lagt vekt på brukar sine ønsker og mål for aktivitet  under opphaldet.

Kritierier

  • Behovet for dagplass blir vurdert med utgangspunkt i kartlagt funksjonsnivå.
  • Søkar må kunna meistra å vera i fellesskap med fleire.
  • Søkar må vera motivert for deltaking.

Dagsenter for personar med demens eller anna kognitiv svikt

Dagsenter for heimebuande personar med demens eller anna kognitiv svikt gir tilbod til dei som har behov for spesielt tilrettelagt aktivitet og sosial deltaking ut over eige nettverk.

Tilbodet tek utgangspunkt i vedkommande sine føresetnadar, behov og ønsker.

Tilbodet kan også gis som avlasting for pårørande.

Inn på tunet

Dette er eit tilbod for deg som har ein begynnande demens eller av andre årsakar har ein kognitiv svikt (problem med hukommelsen, orientering med meir). Det er plass til inntil seks personar.

Inn på tunet gir deg mogelegheit til å vera med i naturen sitt årshjul. I lag med dyra og arbeidet rundt for dei som ønsker det. I tillegg er det matlaging og andre daglege aktivtetar.

Kritierier

  • Søkar har ein demensdiagnose.
  • Søkar har behov for aktivitet og sosialisering.
  • Pårørande treng avlasting.
  • Plass på dagsenteret blir vurdert med utgangspunkt i kartlagt funksjonsnivå.
  • Søkar må vera motivert for deltaking.
  • Søkar må vera sjølvhjelpen med å flytta seg og i måltidssituasjonar.
  • Søkar må kunna meistra å vera i fellesskap med fleire.

Tilhøve som ikkje gir rett til tenesta

  • Redusert funkjsonsnivå som krev tett personbistand
  • Låg fungering i felleskap med andre
  • Langvarig eller hyppig fråvær

Tenestenivå

Dagsentera er ope på vekedagar måndag - torsdag.

Tenestemottakar får transport til og frå dagsenteret.

Tenestemottakar får frukost og middag.

Eigenbetaling

  • Dagsenter for eldre har eigenandel for opphald, mat og transport.
  • Dagsenter som er gitt som avlastning er gratis.
  • Betalingssatsar vert vedteke årleg av kommunestyret.

Gebyrliste (tidlegare taksthefte)

Heimel

Dagsenter for eldre er ikkje ei direkte lovpålagt teneste.

Dagsenter for demente er lovpålagt.

Kommunen viser til Helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 3-1, 3-2, 3-3

Slik søker du helse- og omsorgstenester 

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Trine Sørensen
Leiar
Tenestekontoret
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 48