Kvalifiseringsprogrammet

Ønskjer du å koma i arbeid eller anna aktivitet, men treng litt ekstra oppfølging for å klara det? Kvalifiseringsprogrammet kan tilby deg opplæring og arbeidstrening med tett oppfølging undervegs.

Kva tilbyr me?

  • Kvalifiseringsprogrammet er på 37,5 timar i veka og varer inntil eit år.
  • Målet er å få deg i arbeid eller aktivitet gjennom et individuelt opplegg.
  • Du og din retteleiar på NAV-kontoret planlegg innhaldet i programmet med utgangspunkt i dine ferdigheiter, kva du kan, ønskjer og arbeidsmarknaden.

Hovudinnhaldet er

  • arbeidsretta tiltak
  • opplæringsaktivitetar
  • individuell oppfølging og rettleiing

Ved behov kan programmet også innehalda andre aktivitetar, som helsehjelp, økonomisk rettleiing eller liknande.

Du har sjølv ansvar for å følge opp programmet ditt i samarbeid med veilederen din.

Kven kan få tenesta?

  • Personar i yrkesaktiv alder mellom 18-67 år som har nedsett arbeids- eller inntektsevne med lovleg opphald i landet.
  • Du må ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.
  • Ha behov for tett og koordinert oppfølging for å koma ut i arbeid.
  • Vera registrert som arbeidssøkar på NAV når du søkjer. Får du ikkje til å registrera deg, kan NAV hjelpa deg med dette i mottaket på rådhuset måndag til fredag mellom klokka 12.00 og 14.00.

Er du usikker på om du fyller desse vilkåra, set me pris på at du tek kontakt med oss slik at me saman kan finna ut av dette. Ring vårt kontaktsenter på telefon 55 55 33 33, eller kom innom på rådhuset i Ølen i vår opningstid og be om ein avtale med kvalifiseringsprogramkoordinator.  

Slik søker du

Du søker på eige søknadsskjema. Ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å avklara om du har rett til å delta i kvalifiseringsprogrammet.

Kva vert venta av meg som deltakar?

Du må ha

  • eit ønskje om å koma i arbeid eller aktivitet.
  • ingen eller svært begrensa ytingar frå NAV.
  • behov for koordinert, tett og individuell oppfølging.
  • lovleg opphald og fast bopel i Noreg.

Samarbeidspartnarar

NAV kan knytta til seg ulike samarbeidspartnarar avhengig av innhaldet i kvalifiseringsprogrammet. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vera

  • næringsliv
  • helsevesen
  • frivillige organisasjonar
  • utdanningsinstitusjonar/skule

Klage

Klage skal rettast til NAV-kontoret. Fristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Treng du hjelp, ta kontakt med rettleiaren din for å avtala eit møte.

Klagen skal sendast til NAV Vindafjord-Etne, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33