Krisebustad

NAV skal hjelpa deg med å finna eit midlertidig butilbod om du heilt akutt ikkje har ein stad å sova og opphalda deg neste døgn.

Kven kan få krisebustad?

NAV skal finna eit midlertidig butilbod til deg i akutte situasjonar om du ikkje klarar dette sjølv.

Slike nødssituasjonar kan vera ved brann, familie- eller samlivsbrot, eller om du har blitt kasta ut frå staden du budde.

Kva kan du få?

NAV skal finna eit konkret og tilgjengeleg butilbod. Om du ikkje har pengar til å betala for den midlertidige bustaden sjølv, kan du søka om økonomisk sosialhjelp.

Du kan få opphald på eit pensjonat, hospits eller eit annet husvære som egnar seg.

NAV skal sikra at det midlertidige butilbodet er forsvarleg.

Kravet til butilbod er strengare om det er barnefamiliar eller ungdom som skal nytta butilbodet.

Les om krav til midlertidig butilbod her.

Kor lenge kan du få akutt hjelp?

Eit midlertidig butilbod skal hjelpa deg i ein akutt situasjon, og bør berre unntaksvis vara meir enn 3 månader. NAV skal gi deg råd og rettleiing for å hjelpa deg til eit varig butilbod.

Om du ikkje klarar å ivareta interessene dine på bustadmarknaden, kan NAV-kontoret bistå deg praktisk med å skaffa ein bustad ved for eksempel å kontakta utleigarar eller bli med på visning.

Korleis søker du?

Om du er i ein akutt situasjon utan ein stad å bu, kan du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor via telefon 55 55 33 33

Førespurnad om midlertidig bustad vert lagt fram for ein rettleiar.

Klage

Du har rett til å klaga på vedtaket frå NAV. Klagefrist er 3 veker frå du mottar vedtaket.

Klagen skal sendast til NAV Vindafjord-Etne, Postboks 123, 5588 ØLEN

Når klagen din er mottatt vert saka di vurdert på nytt. Dersom du ikkje får medhald i klaga di, vert saka vidaresendt til Statsforvaltaren i Rogaland.

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

NAV Vindafjord-Etne

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Besøksadresse
Dreganesveien 36B, 5580 ØLEN

Opningstider når du ikkje har avtale
Måndag    Kun timeavtale
Tysdag    12.00–14.00
Onsdag    Kun timeavtale
Torsdag    12.00–14.00
Fredag    Kun timeavtale

Timeavtalar
Det kan avtalast møte alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.

 

Vakttelefon ved behov for naudhjelp og mellombels bustad
For deg som har behov for naudhjelp eller mellombels bustad, er det oppretta ei vakttelefon:

Telefon: 457 12 369

Opningstid: kl. 09.00–15.00 alle kvardagar

 

 

Profilbilde av Rune Slotten
Rune Slotten
Avdelingsleiar
NAV
E-post
Telefon 55 55 33 33
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33