Influensavaksinering startar denne veka

Denne veka startar årets influensavaksinering på kulturhuset. Det er stor pågang, og me minner om at kapasiteten på vaksinetelefonen vil vera noko avgrensa desse dagane.

Vaksinekoordinator og spesialsjukepleiar utanfor vaksinekontoret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Det er ingen ledige timar denne veka, men det er framleis mange ledige tidspunkt 12., 13. og 19. november. Me held difor telefonen open for timebestilling også dei to neste fredagane.

Time kan bestillast i Helseboka. Har du ikkje BankID, kan nokon andre bestilla for deg ved å bruke si BankID. Du kan òg senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no  

Påminning til deg fødd i 1960

Alle Vindafjordingar fødde i 1960 får tilbod om ny vaksine mot lungebetennelse (Prevenar20) gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne. Denne gir livslang immunitet og kan takast samtidig med influensavaksina.

Hugs dette før du møter til vaksinering

  • Et ein god frukost
  • Kle deg praktisk slik at overarmen er lett tilgjengeleg
  • Ikkje møt dersom du har nye forkjølingssymptom
  • Du må vera feberfri
  • Møt til rett tid og hugs å venta 20 minutt i salen etter vaksinering

Vaksinekontoret
📞 91 30 38 42  Opningstid veke 45–46: kl. 09.00–15.00 (pause kl. 12–13)
📧 vaksinekontor@vindafjord.kommune.no 

Artikkelliste

Viser 251-260 av 678 artikler, side 26 av 68