Takk for at du bidrog til TV-aksjonen

Tusen takk til alle som bidrog til årets TV-aksjon Redd Barna❤️ På landsbasis blei det samla inn heile 273 millionar, som skal gå til å la barn leika, læra og leva i fred! 

I Vindafjord er det forventa eit resultat frå TV-aksjonen på rett over 800.000 kroner.  Dette er eit resultat av eit raust næringsliv, og stor givarglede frå innbyggarane. Det har aldri før vore samla inn eit så stort pengebeløp til TV-aksjonen i Vindafjord kommune. 

Me vil retta ein ekstra takk til alle som bidrog som koordinatorar, bøsseberarar, samt opptellingsmannskap ved SR-bank i Ølen.

Nettlenke til resultatet i Vindafjord kommune

Helsing kommunekomiteen på rådhuset!