Det skal veljast nye medlemmer til integreringsrådet

Vindafjord kommune er ein kommune som over mange år har tatt imot flyktningar frå mange ulike land. Kommunen har også ei stor arbeidsinnvandring knytt til mange av bedriftene i kommunen.

 

Gerd Altmann, Pixabay

Integreringsrådet i Vindafjord kommune legg til rette for medverknad frå denne innvandrargruppa. Rådet bidrar til at Vindafjord blir ein inkluderande og integreringsfremmande kommune der innbyggarar frå andre land deltek aktivt i dette arbeidet.

Oppgåver

  • Integreringsrådet sikrar medverknad i politiske saker frå innvandrar busett i Vindafjord kommune, og har særskild fokus på integrering og inkludering.
  • Rådet er eit høyringsorgan for kommunen og ein arena for dialog og samarbeid mellom innvandrarar, politikarar og administrasjonen i Vindafjord kommune.
  • Rådet bidrar med forslag og nytenking for betring av levekår og deltaking i samfunnslivet for innvandrar.
  • Rådet inspirerar innvandrar i Vindafjord til å delta i den demokratiske prosessen.

Medlemmer og valperiode

Integreringsrådet skal veljast av kommunestyret og bestå av 5 medlemmer med 4 varamedlemmer. Rådet skal ha av 3 personar med innvandrarbakgrunn med ulik landbakgrunn og 2 politikarar frå ulike parti.

Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 prosent.
Valperioden er 4 år. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar i det første møtet. Desse skal veljast for eit år.

Det er vedteke eit eige reglement for integreringsrådet.

 Reglement

Forslag til kandidatar

Dersom du er interessert i å bli medlem i integreringsrådet, eller har forslag til kandidatar, kan du registrera det på dette skjemaet.  Frist for innsending av skjema er 14. november.


Søknadsskjema for nytt medlem til integreringsrådet 


Organisasjonar og grupper som representerer innvandrarar har også rett til å fremma forslag på medlemmer til rådet. Slike forslag kan også registrerast på dette skjemaet.

Ønskjer du fleire opplysningar, ta kontakt med Marianne Bauge på e-post
marianne.bauge@vindafjord.kommune.no