Godt oppmøte på pårørandeskule

Pårørandeskulen for pårørande til personar med demens, er eit samarbeid mellom Vindafjord kommune og Etne kommune. Totalt 45 personar deltar på kurs fire kveldar i oktober.

Bilete av foredragsholdar ved pårørandeskulen

Pårørandeskulen har som mål å: 

- Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.

- Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.

- Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.

- Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon.

Kven bidrar?

Målet er at pårørandeskulen skal famne om eit breitt spekter av problemstillingar i møte med demenssjukdom. Deltakarane får informasjon om kommunale tenester, om sjukdommen, lovverk, samt informasjon frå frivillige organisasjonar.

Kommunane informerer om tilbodet ved omsorgssentera og heimebaserte tenester. Det blir informasjon frå hukommelsesteam og demenskoordinator, og informasjon om løysingar innan velferdsteknologi. 

Advokat Ove Kahrs Wangensteen informerer om pasienten og pårørande sine rettar, om arverett og framtidsfullmakt. 

Geriatrisk sjukepleiar Nina Alvseike frå Vindafjord hadde foredrag om dei ulike demenssjukdommane.  Spesialpsykolog Lise Næss er henta inn for å snakka om ulike problemstillingar i kvardagen med demens. Anita Gravelsæter Melkeraaen frå Etne kommune har foredrag om pårørandes oppleving og eigenomsorg.

Frivilligsentralen og Nasjonalforeininga Vindafjord demensforeining deltar og på pårørandeskulen.

Kurset vekslar mellom foredrag og informasjon i plenum, og gruppearbeid der deltakarane får snakka med andre i same situasjon.