Den nasjonale refleksdagen torsdag 19. oktober

Finn fram refleksane dine! Sjekk at dei fortsatt har effekt og fest dei på ytterjakker. Kjøp deg gjerne ein ny liten livreddar denne dagen. 

Bli sett med refleks  - Klikk for stort bilete Trygg Trafikk

Trygg trakk sine beste reflekstips: 

  1. Fest refleks på alle jakker og bagger. 
  2. Legg refleksbånd i sko. 
  3. Bruk refleks som bevegar seg når du går, da synest du best. 
  4. Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar. 
  5. Heng refleksen i knehøyde eller bruk slapwrap på bein.

Refleksbruk i Noreg. Me veit at refleks verkar, men fortsatt er det for få som brukar refleks. Dei siste åra er det rundt 4 av 10 som brukar refleks. Trygg Trafikk håpar talet stig ved nye teljingar i november. 

Effekten av refleks er høgare enn mange trur. Utan refleks er du først synleg på 25-30 meters hald. Brukar du refleks er du derimot synleg på heile 140 meters hald når bilen du møter brukar nærlys. Omrekna til sekund betyr det at ein bilførar har 10 sekund i staden for 2 sekund å reagera. Det kan vera forskjellen på liv og død. 

Gatebelysning skapars falsk tryggleik. Mange trur at det ikkje er nødvendig med refleks når dei går i område med gatelys. Det er feil. Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilisten deg. Derfor er det ein billig livsforsikring å alltid bruka minst ein refleks når du er ute og går i mørket. 

Trygg trafikk inviterar alle ungar i barnehage, skule og SFO til å bli med på årets store teiknekonkurranse hos Barnas Trafikklubb 2023.

Barnas Trafikkklubb: teiknekonkurranse

Refleks er den billigaste livsforsikringa ein kan ha.

Refleksfilm frå Trygg Trafikk 

Refleksaktivitetar for vaksne og barn 

Kjøp årets refleksdag refleks - designa av Maud Angelica Behn