Barnevernstenesta utan avvik på tilsyn

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med Etne Vindafjord barnevernsteneste, og i samband med tilsynet besøkte dei barnevernstenesta frå 19.09.2023 til 21.09.2023, dei konkluderte med ingen avvik.

Her ønskjer barneversleiar Turid Askeland velkommen til tilbakemeldingsmøtet. Tilsynsleiar Trine Hove Bjørnsen frå Statsforvaltaren til høgre Nils Erik Eide

Statsforvaltaren undersøkte om barnevernstenesta sørger for at oppfølging av barn i fosterheim er i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstforhold, og nødvendig hjelp og oppfølging. Tilsynet er gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

I dag kom altså rapporten som seier følgjande i innleiinga:

Statsforvaltaren sin konklusjon 

Det er ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Vi sendte utkast til rapport til kommunen den 05.10.2023. Vi fekk tilbakemelding frå kommunen den 17.10.2023. Kommentarane frå kommunen er innarbeidd i rapporten. Dette er den endelege rapporten frå tilsynet. Rapporten blir sendt til Statens helsetilsyn og blir publisert på deira nettside www.helsetilsynet.no Tilsynet er med dette avslutta.

Her kan du lesa rapporten fullt ut (PDF, 21 MB)

Førebur tilsyn

Frå tilbakemeldingsmøtet med Statsforvaltaren. Nils Erik Eide

 

Kommunalsjef Oppvekst gratulerte barnevernet med godt resultat på tilsynet. Han spanderte kake på dei tilsette. Nils Erik Eide