Fagdag om overgang til vidaregåande skule

Onsdag denne veka inviterte Vindafjord kommune og Ølen vgs rektorar, rådgjevarar, representantar frå Lundeneset vgs og Etne kommune til fagdag med tema ny opplæringslov §9-5. 

Det var gode diskusjonar rundt bordene på fagsamlinga. Nils Erik Eide

Dette står i ny lov § 9-5: 
Fylkeskommunen skal sørge for at elevar får ein trygg og god overgang fra grunnskulen til videregående opplæring, og fylkeskommunen skal samarbeida med kommunen om overgangen. 

Ideen om denne viktige fagsamlinga kom på eit av dei faste samarbeidsmøta kommunen har med Ølen vidaregåande tidlegare i år. Kravet til samarbeid mellom kommune og fylkeskommune/privatskulane om overgangen frå grunnskulen til vidaregåande har ikkje tidlegare vore lovfesta.  Det betyr ikkje at det ikkje er, eller har vore samarbeid om overgangen til vidaregåande, men med eit slikt krav i lovsform krev at kommunen og fylkeskommunen saman gå gjennom dette samarbeidet, for å sikre at rutinane er på plass og i samsvar med lovverket. I dag var starten på dette gode samarbeidet. Ny opplæringslov gjeld frå august 2024, så målet med denne fagdagen var å få eit grunnlag som ein kan jobbe vidare fram mot ein felles plan til oppstarten av skuleåret 2024/25. Ei arbeidsgruppe vil jobbe med innspela og kome med forslag til skisse som vert sent ut til alle partar til høyring, før den vert vedtatt på overordna nivå. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete