Om tenestekontoret

Kva kan me hjelpa med? 

  • Me svarar på spørsmål, gir rettleiing og tar i mot søknadar om helse- og omsorgstenester.
  • Me skriv vedtak og tildeler tenester basert på kartlagt hjelpebehov, lova sine vilkår og politisk vedtatt tenestenivå i Vindafjord.
  • Me tildeler kommunal bustad og følger opp kommunen sine leigetakarar
  • Me er koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (KE), og har ansvar for å følga opp koordinatorar og individuell plan (IP)

Helse og omsorgstenester

Tenester etter helse- og omsorgstenestelova krev enkeltvedtak dersom desse skal gis i 14 dagar eller meir.

Tildelingskriterier og tenestenivå for helse- og omsorgstenester er fastsett i Tenestestandard 2021 (PDF, 586 kB).

Kommunal bustad

Tenestekontoret tildeler kommunal bustad og følger opp kommunen sine leigetakarar.

Meir om kommunal bustad og korleis du søker

Koordinerande eining

Tenestekontoret er koordinerande eining for rehabilitering og habilitering. 

Leiar for tenestekontoret, Trine Sørensen, er kontaktperson for koordinerande eining.
Telefon: 53 65 60 48 eller e-post Trine.Sorensen@vindafjord.kommune.no

Ansvar og oppgåver

  • Tek i mot melding om behov for rehabilitering og habilitering og har oversikt over aktuelle tenester i kommunen. 
  • Oppnevner koordinator for pasient/brukar med behov for langvarig og koordinerte helse- og omsorgstenester. Ein koordinator vil også ta initiativ til individuell plan om det er ønskeleg.
  • Samhandling med spesialisthelsetenesta

Ta kontakt med tenestekontoret om du har spørsmål. Kontaktinformasjon finn du oppe til høgre på sida på PC, og under denne teksten på mobil.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Trine Sørensen
Avdelingsleiar
Tenestekontoret
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 48