Individuell plan (IP) og koordinator

Kva tilbyr me?

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og sosiale tenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Denne planen blir ofte kalla IP.

Den individuelle planen gir deg ikkje større rett til dei enkelte tenestene, men den er eit viktig grunnlagsdokument.

Koordinator er ein av fagpersonane dine som koordinerer tenestene og sikrar framdrift og samordning av tenestetilbodet i arbeidet med den individuelle planen din.

Koordinator sørger for at du, og eventuelt pårørande, blir involverte tett i arbeidet med planen din.

Kven kan få individuell plan og koordinator?

  • Alle som har bruk for fleire helse- og omsorgstenester over ei viss tid. Behovet treng ikkje vere varig.
  • Personar i alle aldrar og utan omsyn til diagnosar og/eller type funksjonsutfordringar.
  • I vurderinga av behovet for langvarige og koordinerte tenester skal også tiltak frå andre sektorar takast med.

Retten er uavhengig av diagnose og alder, og gjeld sjølv om du berre mottar tenester frå eitt forvaltningsnivå, til dømes kommunen.

Du treng ikkje motta tenester frå spesialisthelsetenesta for å ha rett til å få utarbeida ein individuell plan.

Vindafjord kommune har vedtatt eit gjennomgåande system for IP. Frå informasjon og søknad, til vedtak og igangsetting av planarbeidet.

Det er Lov om kommunale helse- og omsorgstenester som regulerer retten til IP, men ein slik plan skal likevel omfatta alle aktuelle tenester.

Hovudpunkt

  • Den individuelle planen gir deg ikkje større rett til dei enkelte tenestene, men den er eit viktig grunnlagsdokument.
  • Planen dokumenterer den faktiske situasjonen din og ditt behov for tiltak og tenester, og kan også gi grunnlag for å søka om tenester som du ikkje har i dag.
  • Individuell plan kan vera eit verktøy for deg til å få fram korleis kvardagen din skal vera nå og framover.
  • Planen skal vera konkret og gi svar på når dei ulike tiltaka skal bli gjennomført og kven som har ansvar for å gjera det.

Koordinator

Koordinator er ein av fagpersonane dine som koordinerer tenestene og sikrar framdrift og samordning av tenestetilbodet  i arbeidet med den individuelle planen din.

Koordinator sørger for at du, og eventuelt pårørande, vert involverte tett i arbeidet med planen din.

Ulike yrkesgrupper kan ha rolla som koordinator. Kva du ønsker, skal vektleggast ved val av koordinator.

Du kan søka om koordinator (PDF, 603 kB) sjølv om du har takka nei til individuell plan.

Meir informasjon

Brosjyre frå helsedirektoratet som fortel meir om kva Individuell plan er (PDF, 323 kB)

 

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen