Heimesjukepleie

Kva tilbyr me?

  • Helsehjelp i eigen heim slik at du som treng det kan få bu lengst mogleg heime.
  • Du skal framleis kjenna tryggleik, få lindrande behandling og få hjelp til å førebygga omfanget av sjukdomen.
  • Hjelpa vert tildelt etter ei total vurdering av behov, ressursar og avgrensingar.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for helsehjelp, kan søka om heimesjukepleie. 

Kva kan du få hjelp til?

Heimesjukepleie er eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom og/eller nedsatt funksjonsevne ikkje sjølv kan oppsøka helsehjelp, og som er avhengig av at hjelpa blir gitt i eigen heim for å få dekka grunnleggande pleie- og omsorgbehov. Døme på hjelp kan vera:

  • Hjelp til å stå opp og legga deg
  • Stell og personleg hygiene
  • Måltider og hjelp til å eta og drikka
  • Hjelp til å søka og få tilrettelagt tekniske hjelpemiddel
  • Hjelp til medisinering etter skriftleg avtale
  • Behandling i samråd med lege
  • Smertebehandling
  • Sårstell, urinprøvar, blodprøvar, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legekontor.

Personretta tenester blir gitt heile døgnet alle dagar i året.

Tilbodet omfattar ikkje

  • Pasientar som trenger akutt medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk behandling, skal tilvisast til spesialisthelsetenesta.
  • Tenester som for eksempel blodprøvar, injeksjonar og stell av sår ytes ikkje i heimen dersom pasienten kan koma seg til eigen fastlege (legekontor) ved eiga hjelp, eller ved hjelp av pårørande eller andre kjente.
  • Følge til lege, tannlege eller andre undersøkingar og behandlingar med medisinsk indikasjon, med unnatak der følge av pårørande eller frivillige er utelukka.
  • Hårstell og fotpleie
  • Følge til frisør, fotpleier utan medisinsk indikasjon og liknande.

Forventningar til deg som mottar hjelp

  • At du gjer dei aktivitetane du klarar sjølv.
  • At dei du bur saman med gjer alt dei kan for å hjelpa deg. Til dømes med kvardagslege oppgåver.
  • At du nyttar ditt nettverk og pårørande til å få hjelp til å gjera innkjøp, bestilla time og få følge til lege, kontroll på sjukehus, tannlege og liknande.
  • At du tek i bruk både private og offentlege hjelpemidler dersom det er behov for det.
  • At du nyttar andre tenester til det som er utanfor heimetenesta sitt fagområde som for eksempel fotpleie og frisør.
  • At du låser opp for oss dersom du kan, sjølv om du har nøkkelboks på utsida.
  • At du gir beskjed i god tid dersom du ikkje treng hjelp eller ikkje er heima.
  • At du som har tryggleiksalarm brukar denne som avtalt.
  • At du luftar godt dersom du røyker inne, og ikkje røyker i samband med tilsyn av heimetenesta.
  • At dyr blir halde i band eller er innelukka i andre rom under samband med tilsyn av heimetenesta.
  • At du sørger for trygg tilkomst til heimen, har opplyst inngangsparti og parkering, samt syt for at nokon strør og måkar snø.
  • At du har mikrobølgeomn dersom du treng hjelp til/skal trena på oppvarming av mat.
  • At du respekterer at tilsette ikkje har anledning til å ta imot gåver eller pengar.

Slik søker du helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Heimetenesta indre sone

Vakttelefon: 97 98 53 07

Heimetenesta ytre sone

Vakttelefon: 97 98 53 21

Profilbilde av Synnøve Eikeland Steinsland
Synnøve Eikeland Steinsland
Avdelingsleiar
Adm heimeteneste
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 52
Kathrina Håvarstein
Avdelingsleiar
Adm heimeteneste
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 59 02
Profilbilde av Kitty Soltvedt
Kitty Soltvedt
Einingsleiar
Ølen omsorgssenter heimetenesta
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 65 39
Mobil 40 41 54 62