Støttekontakt

Støttekontakt er eit godt innarbeid tiltak som vert nytta av fleire brukargrupper som barn, unge og vaksne med psykiske vanskar, yngre og eldre med utviklingshemming og/eller funksjonsnedsetting, rusmiddelmisbrukarar med vidare.

Kva tilbyr me?

  • Ein støttekontakt som kan vera med deg på fritidsaktivitetar.
  • Det kan vera alt frå å laga god mat heime og sjå ein film, til å gå tur, hobbyaktivitetar eller vera med deg på arrangerte fritidstilbod og arrangement

Kven kan få tilbodet?

  • Hjelpa blir tildelt etter ei totalvurdering av behov og ressursar etter søknad til tenestekontoret.
  • Alle som bur i kommunen, og som på grunn av ei funksjonsnedsetting ikkje er i stand til å oppretthalda eller ivareta ei meiningsfull fritid.
  • Hjelpebehov som er forventa dekka av foreldre eller føresette, blir ikkje tildelt. Eit døme er barn i ung alder.

Forventningar til deg som mottar tilbodet

  • Det er viktig med god dialog mellom støttekontakten og brukaren, eventuelt pårørande. Avtalar blir gjort direkte mellom partane.
  • Det kan vera lurt å ha litt faste avtalar, men det er sjølvsagt rom for fleksibilitet frå begge partar.
  • Det er viktig å halda avtalar og gje beskjed så fort som mogleg dersom ein må avlysa grunna sjukdom eller andre ting.
  • Ha open dialog med tanke på økonomi. Køyring og aktivitetar kostar pengar, og det er viktig  å vera i dialog før ein avtalar større aktivitetar eller lengre køyring for å avklara kor mykje dette vil kosta brukaren.

Slik søker du helse- og omsorgstenester

 

Kontaktpersonar i dei ulike einingane


Vil du bli støttekontakt?

Dersom du kunne tenke deg å bli støttekontakt, kan du lesa meir her.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Trine Sørensen
Avdelingsleiar
Tenestekontoret
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 48