Kvardagsrehabilitering

Kva tilbyr me?

  • Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som ønsker å bu heime lengst mogeleg, trass i byrjande funksjonsfall
  • Det er ei tidsavgrensa rehabilitering i heimen
  • Vårt kvardagsrehabiliteringsteam hjelper deg med å setta opp ein plan for perioden

Kven kan få tilbodet?

  • Har du vanskar med å utføra daglege aktivitetar?
  • Kanskje vurderer du å søka hjelp til daglege gjeremål?
  • Har du blitt fysisk nedsett etter sjukdomsperiode?

Då kan kvardagsrehabilitering vera noko for deg. Tilbodet er for deg som ønsker å bli buande heime og klara deg best mogleg sjølv.

 

Pyramide som viser kvar ein får tilbod frå kvardagsmeistring, kvardagsrehabilitering, kommunal korttidsplass og spesialisert rehabilitering. - Klikk for stort bilete

 

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod som inneber trening og støtte for å meistra kvardagen betre.

Dette kan bidra til ein aktiv alderdom med god livskvalitet. Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering, ofte over fem veker. Tenesta er kostnadsfri.

Kvar skjer treninga?

Treninga skjer i heimen din, og fokuset er på dei daglege gjeremåla du ønskjer å meistra.

Målet med treninga er at du skal ha ein aktiv kvardag og klara deg best mogleg sjølv.

Kven hjelper deg med treninga?

Eit tverrfagleg team, som me kallar kvardagsrehabiliteringsteamet, skal saman med deg finna ut kva du ønsker å bli betre til, og korleis me skal klara å gjennomføra det. 

Kvardagsrehabiliteringsteamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut, som alle ønsker å bidra til at du skal nå dei måla du har sett deg. Me kjem heim til deg og støttar deg i heile prosessen frå start til slutt.

Kva kan du? Kva er viktig for deg å kunna? Ut frå dette lagar me saman mål og plan for perioden. Me trenar saman med deg opptil tre gonger i veka, i fem veker.

Kva krev dette av deg?

For at du skal nå måla dine, krev det innsats frå deg. Det er viktig at du prøver å gjera aktivitetar på eigahand, og ikkje tar imot hjelp til gjeremål du eigentleg klarar sjølv. Dette er god trening, og er viktig for å oppretthalda funksjon og god helse.

Sjølv om tilbodet er tidsavgrensa, ønsker me at det skal ha ein positiv effekt på livet i lang tid framover.

Eksempel på trening

Me kan trena på å gå i trappa, koma inn og ut av bustaden, dusja utan hjelp, gå tur med meir.

Ved behov kan me hjelpa med tilrettelegging av bustad. Me har mogelegheit til å sjå dei utfordringane du har i kvardagen og kva nettverk du har rundt deg. Me kan hjelpa deg med å ta opp igjen hobbyar eller sosiale aktivitetar.

Me har også laga ei brosjyre du kan printa ut. Den finn du her. (PDF, 365 kB)

Slik søker du

For å melda interesse for tilbodet, ta kontakt med ein av oss i kvardagsrehabiliteringsteamet på telefon eller e-post.

Kontakt fysioterapeut

Kontakt ergotrapeut

Kontakt sjukepleiar

Prisar

Dette tilbodet er gratis.