Miljøarbeid i heimen

Kva tilbyr me?

  • Kvalitetssikra og fagleg forsvarlege tenester for menneske som på grunn av omfattande funksjonssvikt treng bistand og hjelp til å fungera i dagleglivet.
  • Brukar skal få nødvendig hjelp til å fungera i dagleglivet både i og utanfor heimen.

Kven kan få tilbodet?

  • Brukarar av tenestene bur anten i bufellesskap med heildøgns omsorgstenester, anna privat buform, eller heime hos foreldre.
  • Den enkelte skal kunna leva og bu sjølvstendig, ha eit meiningsfylt tilvære og fellesskap med andre etter behov.

Kva kan du få hjelp til?

Det blir gitt opplæring, bistand og praktisk hjelp til

  • Dekking av grunnleggande fysiologiske behov
  • Daglege gjeremål i heimen
  • Habilitering
  • Dekking av kulturelle behov
  • Dekking av medisinsk forbruksutstyr etter kommunalt regelverk

Tenestene som blir gitt skal vera kvalitetssikra og fagleg forsvarlege, og så langt som råd utforma i samarbeid med brukar eller brukarrepresentant (til dømes hjelpeverge og pårørande).

Alle skal

  • ha individuelle mål og plan over tjenester / tiltak og ressursbruk samt evalueringsrutinar.
  • ha samarbeidsavtale, som inneheld avtale vedkomman praktiske ting, forvalting av økonomi og verdisaker, medisinske og helsemessige spørsmål med vidare, med pårørande/hjelpeverge.
  • ha miljøterapeutisk, fagleg forsvarlege tenester ut frå mål om sjølvstende og normalisering.
  • ha primær- eller hovudkontakt og sekundærkontakt
  • få ivaretatt eigenomsorg ut ifrå eigne ressursar
  • få tilstreba eit optimalt funksjonsnivå
  • ha hjelp til å ivareta eigen helsetilstand og velvære, og om nødvendig få følge til lege, tannlege, frisør med vidare.
  • om nødvendig få bistand og hjelp ved medisinering.
  • få hjelp til utprøving, skaffa seg og vedlikehald av hjelpemiddel.
  • ha tilgang til personell etter behov, som er skrive i vedtak.
  • ha høve til besøk med individuelt tilpassa fagleg tilrettelegging.
  • ha rett til individuell plan (IP) dersom det er koordinerte tenester.
  • /bør få delta i kulturelle tilbod og aktivitetar

Slik søker du helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Trine Sørensen
Leiar
Tenestekontoret
E-post
Telefon 53 65 60 48