Publisert 21.05.2021
Vaksinedosar blir trekt opp på kjøkkenet i Ølen kulturhus.

Denne veka har 30 personar fått dose 1, og 401 har fått dose 2 med koronavaksine. 1.216 er no ferdig vaksinerte i Vindafjord.

 

Publisert 19.05.2021
Dresskledde personar i lilla bilete med blå koronavirus rundt.

Vindafjord kommune har på ny blitt tildelt midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. I tillegg til 797.935 kroner som alt er tildelt og fordelt, er det nå tildelt nye 335.000 kroner. Søknadsfrist er 21. mai.

Publisert 14.05.2021
Kommuneoverlege Terje Kleiven

Me har hatt til saman 142 smitta personar i Vindafjord til dags dato. I dag har me ein smitta og fire i karantene på grunn av smitten. Tilfellet er knytt til arbeidsinnvandring.

Publisert 14.05.2021
Full smittevernutstyr ved teststasjonen i Ølen.

Russen tok utfordringa, og det var god stemning i testteltet 11. mai. Tysdag 18. mai er det ny knuteutfordring og hurtigtest for russen. Teststasjonen i Ølen er stengt 17. maihelga.

Publisert 12.05.2021
Åtte damer som utgjorde vaksineteamet 12. mai 2021.

Det er stor pågang på vaksinetelefonen med dette spørsmålet. Mistanke om at andre snik i vaksinekøen går også igjen. Begge deler bidrar til lang ventetid på vaksinetelefonen.

Publisert 12.05.2021

Tysdag ettermiddag blei det stadfesta eit nytt smittetilfelle i Vindafjord. Det dreiar seg om importsmitte ved ei verksemd i kommunen.

Publisert 10.05.2021
Minibuss køyrer på veg med grøn skog i bakgrunnen

Nå kan du igjen bli henta heime, køyrt til butikken, handla, ta ein kopp kaffi og drøsa med folk før du blir køyrt heim. Treng du hjelp med varene, får du det heilt inn på kjøkenbordet.

 

Publisert 06.05.2021

3. og 4. klassingane på Imsland skule og barnehage har den siste tida vore med i Batterijakta og samla batteri til den store gullmedaljen; i allefall til sølv! Dei kom nemleg på 2.plass i Noreg og vann heile 20.000 kr.

Publisert 28.04.2021
Vassleidningar og utstyr ligg på parkeringsplass

Frå og med torsdag denne veka og ut neste veke, blir det ein del anleggstrafikk opp til Stemmetjørn. Arbeidet med Skjold vassverk vil pågå fram til sommaren, men det blir også tatt omsyn til turgåarane i det populære turområdet.

  

Publisert 26.04.2021

Alle i Vindafjord som fekk første dose av AstraZeneca, får no tilbod om Pfizer som dose 2.