Full fart i ungdomsrådet: No er dei i gang!
Vindafjord ungdomsråd for perioden 2026–2027 hadde sitt første møte denne veka.
Framme fra v: Oscar Sawicki, Georg M. Helgevold(nestleiar), Jostein Solheim, Ole B. Hystad, Bak: Astrid H. Lothe(leiar), Silje K. Økland, Marie Skogen
Anne Mette Klungland
Rådet blei ønskt velkomne av ordførar og kommunedirektør. Etterpå gjekk dei i gang med ei innhaldsrik saksliste, som mellom anna handla om opplæring, tilstandsrapport for barnehage og skule og ei orientering om arbeidet med nytt omsorgssenter. Det blei òg tid til pizza og brus.
Kva er ungdomsrådet?
Ungdomsrådet skal sikra brei, open og tilgjengeleg medverknad i alle saker som gjeld ungdom i Vindafjord. Rådet kjem med uttale til kommunen slik at kommunestyret får eit betre grunnlag for avgjerder som påverkar ungdom.
Målet er å inspirera ungdom i Vindafjord til å delta i den demokratiske prosessen og engasjera ungdom i praktisk politisk arbeid.
Ungdomsrådet i Vindafjord består av sju medlemmer og fem varamedlemmer. Medlemmene blir valde for to år av gongen, og kan vere ungdom mellom 13 og 18 år.
Les meir om ungdomsrådet her
Sist endra 20.03.2026 13.34