Saman for godt alkovett i distriktet
Forrige veke deltok representantar frå Etne og Vindafjord kommune på alkovettkonferansen i Oslo, arrangert av Av-og-til.
frå venstre: Elisabeth Lunde Sørheim, Ingrid Markhus Knudsen, Liv Ellen Ebne, Gunvor Johansson Garvik, Synnøve Lovra Viskjer, Marianne Log RøddeHer fekk dei både fagleg påfyll og ny inspirasjon til arbeidet med å skape trygge og inkluderande lokalsamfunn.
Både Etne og Vindafjord er Av-og-til‑kommunar. Det betyr at me arbeider systematisk for godt alkovett – frå lokale arrangement og møteplassar til haldningsskapande arbeid retta mot barn, unge og vaksne. Målet er enkelt: ein tryggare og meir inkluderande kvardag for alle innbyggjarane våre.
Som Av-og-til‑kommunar legg me vekt på å auke medvitet rundt alkoholbruk og førebyggje dei skadane alkohol kan føre med seg. Slik bidreg me til robuste og trygge lokalsamfunn der folk kan kjenne seg ivaretekne og inkluderte.
Takk til Av-og-til for ein lærerik konferanse – og til dei tilsette som står på for å skape gode og trygge lokalsamfunn!
Sist endra 16.03.2026 10.44