Vassklia er godkjend – klar for påskebading

No er det offisielt: Vassklia i Vindafjordhallen er godkjend og klar til bruk – akkurat i tide til påskebadinga.

I dag testa dagleg leiar Mangor Bårdsen, badevaktane og nokre forventningsfulle barn den nye sklia. Det vart både jubel, latter og store smil då dei første prøveturane var gjennomførte.

– Det er alltid stas når me kan opna nye tilbod for gjestane våre, og ekstra kjekt å sjå kor mykje glede dette skapar, seier den daglege leiaren, som sjølv tok turen i sklia for å sjå at alt fungerte som det skulle.

Med godkjenninga på plass kan små og store gle seg til ei påskeveke fylt med bading, leik og gode opplevingar i Vindafjordhallen.

Vindafjordhallen

Opningstider i påsken 

  • Tysdag 31. mars 10.30–16.00
  • Onsdag 1. april 10.30–16.00
  • Torsdag 2. april 10.30–16.00
  • Laurdag 4. april – Stengt
  • Søndag 5. april – Stengt
  • Måndag 6. april 10.30–16.00
Vindafjordhallen