Kjekkast på jobb: Temadag for leiarar og tillitsvalde i Vindafjord

Nyleg samla einingsleiarar, avdelingsleiarar, inspektørar og hovudtillitsvalde i Vindafjord kommune seg til temadag i Vindafjordhallen. Temaet for dagen var «Kjekkast på jobb».

Temadagen var organisert av kommunalsjef for organisasjon, Ingebjørg Rullestad Gjerde og HR-avdelinga.  

HR-rådgjevarane Arild Lund og Anne Solveig Kvinnesland hadde ansvaret for fagopplegget og leia samlinga.

Nærværsarbeidet i 2026 har fått tittelen «Kjekkast på jobb», og dette er eit av årets sentrale fokusområde. 

Gjennom året vil det bli arrangert fleire samlingar med ulike tema som byggjer opp under satsinga.

Arild Lund og Anne Solveig Kvinnesland - Klikk for stort bileteHR-rådgjevarane Arild Lund og Anne Solveig Kvinnesland hadde ansvaret for fagopplegget og leia samlinga. Vindafjord kommune

Ønskjer å styrka nærværet  

Målet med samlinga var å styrkja arbeidet med nærvær, førebyggja fråvær og leggja til rette for helsefremjande arbeidsplassar i heile organisasjonen.  

– Det var særleg fokus på den strategiske og lovpålagde oppfølginga av sjukemelde. Det handlar om å gi dei tilsette den oppfølginga dei har krav på. Det krev godt samarbeid mellom arbeidsgivar, Nav og fastlege, og ein open og vedvarande dialog med den tilsette gjennom sjukefråværet, fortel HR-rådgjevar Arild Lund.  

Dagen inneheldt òg ei gjennomgang av nyttige verktøy i oppfølgingsarbeidet.

Temasamling i Vindafjordhallen - Klikk for stort bileteTemadagen i Vindafjordhallen blei opplevd som både lærerik, nyttig og inspirerande. Kristine Thorsen Eikeland

Betydninga av førebygging  

Temadagen tok og utgangspunkt i at godt sjukefråværsarbeid handlar om meir enn rutinar, reglement og skjema.  

– Me treng alle mann på jobb, og me veit at det er helsefremjande å vera på jobb. Difor er det viktig å kartleggja situasjonen tidleg og sjå på ulike moglegheiter for å hjelpa medarbeidarane vidare. Dette er meiningsfullt arbeid, og det skjer allereie mykje bra i organisasjonen som fortener å bli anerkjent, seier Arild.  

Temasamling i Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Godt psykososialt miljø

Det handlar om trygge relasjonar, god kommunikasjon, eit solid psykososialt arbeidsmiljø og leiarar som ser og støttar medarbeidarane sine – både i kvardagen og når utfordringar oppstår.  

– Alle har eit ansvar for å bidra til eit godt psykososialt miljø, understrekar Anne Solveig.  

Eit sentralt tema i samlinga var kor mykje som kan gjerast før eit fråvær oppstår.  

– Dei tre viktigaste faktorane som påverkar nærvær, er god leiing, systematisk arbeidsmiljøarbeid og individuell oppfølging, framhevar Ingebjørg og legg til:

– Godt nærværsarbeid handlar om førebygging, tett oppfølging og eit arbeidsmiljø der medarbeidarane opplever meistring, støtte og tryggleik.

Nærværsarbeid er eit av dei viktigaste tiltaka me har for å ta i bruk den arbeidskraftsreserven som allereie finst i organisasjonen.  

– Når me klarer å redusere fråværet og bidra til at fleire er til stades i jobb, frigjer me både kompetanse og kapasitet som me elles måtte ha dekt gjennom ekstra ressursbruk eller vikarar, understrekar ho.

Temasamling i Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Gode tilbakemeldingar og ønskje om fleire samlingar  

Temadagen blei opplevd som både lærerik, nyttig og inspirerande.  

Mange uttrykte at det er viktig å ha sjukefråværsoppfølging og arbeidsmiljø jamleg på agendaen, og at slike treffpunkt gjer det lettare å halda fokus i ein travel kvardag.  

– Samlinga har vore ei god oppfrisking, med tips og verktøy som leiarane kan ta med seg vidare. Det viktigaste me sit att med, er verdien av god sjukefråværsoppfølging, framhevar Arild. 

Temasamling i Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland Temasamling i Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland