Vindafjord kommune og Etne kommune deltok på IT-forum i Haugesund
17. og 18. mars deltok Vindafjord kommune og Etne kommune på IT-Forum Vest 2026 i Haugesund – ein viktig møteplass for kunnskapsdeling, inspirasjon og samarbeid.
Konferansen, som i år har skifta namn til Digiforum, hadde temaet «Digitalt kaos eller uendelege moglegheiter».

Her fekk deltakarane innsikt i korleis kunstig intelligens og ny teknologi kan brukast i kommunesektoren.
Det var òg fokus på praktisk bruk av KI, digital beredskap og korleis kommunane kan møte eit stadig meir komplekst digitalt landskap.
Gjennom innlegg om mellom anna cybertryggleik og framtidas helsetenester fekk me konkrete døme og nyttige perspektiv som me tek med oss vidare.
Vindafjord kommune og Etne kommune deltok på Digiforum.
Hogne Brunborg
Sist endra 19.03.2026 14.36