Vindafjordskulen skal ha elevar som likar å lese, både når dei må og når dei kan velje sjølv. Leselyst aukar på sikt lesekompetansen. Partnarskap mellom skular i kommunen og dyktige faglærarar ved Høgskulen på Vestlandet bidrar til dette.

To barnehagebarn i oransje kitlar lagar veggmåleri.

Smittesituasjonen i Vindafjord blir vurdert som trygg, og i dag er det vedtatt at barnehagar og grunnskular går over til grønt nivå frå måndag.

3. og 4. klassingane på Imsland skule og barnehage har den siste tida vore med i Batterijakta og samla batteri til den store gullmedaljen; i allefall til sølv! Dei kom nemleg på 2.plass i Noreg og vann heile 20.000 kr.

Tiltaket rettar seg mot foreldre, og målet er ein gradvis opptrapping av COS P foreldrekurs til alle førstegongsforeldre. Føremålet er å gi foreldra eit betre utgangspunkt for å støtte barnet til å utvikle god psykisk helse og trivsel gjennom heile oppveksten.

Kulturskulen sin visjon er «Kulturskule for alle». For å nå ut til fleire har Udir oversett ein kort informasjonsfilm til seks ulike språk. Filmen finnes på norsk, engels, arabisk, farsi, somali, polsk og russisk. Filmen vil også bli oversett til dei samiske språka. 

Det skjer no store endringar i velferdslovgjeving knytt til barn, unge og deira familiar. Eit døme er barnevernlova. Samla kallas det no oppvekstreforma. Føremålet er å styrke tverrfagleg samarbeid i den einskilde kommune, men det vert opp til kommunen å avgjerda korleis dette skal gjerast.

Barn og unge i Etne og Vindafjord treng vaksne som ser den enkelte, lyttar, viser interesse og er engasjert for at dei skal læra. Barn og unge er framtida vår. Alle som jobbar med barn og unge er viktige for å utvikla og realisera gode oppvekstvilkår.

Treningsapparat, klatrestjerne og padelbanen i aktivitetsparken.

Vindafjord kommune søkte Udir om tilskot til nye og utvida sommarskuletilbod i samband med koronapandemien.
Tiltaket skal bidra til at kommunane kan oppretta nye sommerskuletilbod.

Svein Carlos Nilsen Gjil byrjar som ny skulefagleg ansvarleg i Vindafjord kommune frå 1.august, han erstattar Leiv Karsten Medhaug, som går av med pensjon 1.juli. 

Får 1. august er Inger Kathrine Sundve ferdigutdanna logoped, ein etterlengta rolle som kommunen har måtta leige inn eksterne for tidlegare.