Klar for tilsyn som barnehagemynde

Statsforvaltaren skal denne våren føre tilsyn med kommunen som barnehagemynde etter barnehagelova §54. 

Gjengen som er klar for tilsyn barnehagemynde. F.v: Avdelingsleiar Sandeid barnehage Aina Apeland, IKT og utviklingsrettleiar Pål Askvig, oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve, barnehage-og skulesjef Svein Carlos Gjil, avdelingsleiar Vågen barnehage Sofie Haugland og dagleg leiar Ølenssjøen FUS Jenny H. Gundersen. Nils Erik Eide

Tilsynet går ut på å kontrollerere om kommunen som barnehagemynde følgjer regelverket i barnehagelova. 

Opningsmøte er gjennomført på teams og i går hadde dei involverte i Vindafjord kommune og Ølensjøen FUS eit møte for å førebu seg på tilsynet og finne fram dokumentasjon som skal sendast til Statsforvaltaren på førehand. I tillegg til eigar og mynde så er barnehagane Sandeid, Vågen og Ølensjøen FUS plukka ut til å delta på dette tilsynet. 

Tidsplan for tilsynet

  • 30.01: opningsmøte
  • 16.02: frist for å senda inn dokumentasjon og eigenvurdering
  • 12.03: intervju
  • 12.06: tilbakemeldingsmøte

 

Les meir i skrivet frå Statsforvaltaren her