Tilsynet på Ølen skule er avslutta

I vår blei Ølen skule plukka ut til tilsyn med tema tidleg innsats 1.-4, dei har jobba godt med avvika og fekk i dag skriv frå Statsforvaltaren at tilsynet er lukka og ferdig. 

Leiinga ved Ølen skule, her dåverande inspektør Sonja H. Lærdal og rektor Gro Anett Espevoll, frå oppstartsmøtet i vår. Nils Erik Eide

Dette skriv Statsforvaltaren i sitt avsluttande skriv:

Vi gjennomførte tilsyn med Vindafjord kommune i perioden 07.03.2023 fram  til i dag. I vårt vedtak datert 29.06.2023 vart de pålagde å rette brot på regelverket. Dei har sendt inn utgreiing og erklæring om  at forholda er retta. De viser at de har endra skulen sine rutinar for intensiv opplæring i lesing, skriving og rekning. I tillegg har skulen arbeidd med kompetanseheving, og har vist korleis dei har implementert rutinen på skulen. Basert på utgreiinga og erklæringa dykkar, legg vi til grunn at de har retta forholda. Vi avsluttar derfor tilsynet. Vi har utarbeidd eit skriv til elevar og foreldre som  samanfattar tilsynet og tiltaka dykkar. Vi ber dykk formidle dette til elevar og foreldre på ein eigna måte.

Les skriv til elevar og føresette her (PDF, 671 kB)

Klar for tilsyn tidleg innsats 1-4

Førebels rapport på tilsyn Ølen skule klar

Her kan du lesa rapporten Ølen skule fekk etter tilsynet