Glimt frå PåGlimedBTI konferansen 2024

Måndag 22. januar arrangerte Vindafjord kommune sin årlege PåGlimedBTI konferanse i Skjold Arena. I år var det Adil Kahn som var headliner med sitt føredrag “Motstand=Styrke”, i tillegg var mobbeombodet Marit Nygård Roth der. 

Det var full sal nok ein gong på den tradisjonelle PåGli konferansen i Skjold Arena Nils Erik Eide

Denne dagen var det planleggingsdag for barnehage og skule, på den måten får ein samla alle som jobbar med barn og unge på ein plass der dei alle får høyre og lære det same. 

I tillegg til Adil Kahn var det veldig mange lokale medarbeidarar som hadde gode og viktige innlegg for det tverrfaglege BTI arbeidet i kommunen. 

Kommunalsjefane Halfdan Krohn-Brekke, Sigurd GJerdevik og Nils Erik Eide, som er styringsgruppa for Laget Rundt Barn og Unge (LRBU), opna konferansen før dei gav ordet til årets konfransierar Nina D. Haslemo og Maren T. Hustoft. Dei loste oss gjennom dagen på ein framifrå måte. 

Det heile starta med eit digitalt innlegg frå Conexus om Stafettloggen før PPT leiar Sonja H. Lærdal hadde innlegget sitt “Kor er me og kor skal me i Vindafjord”, som handla om kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Vindafjord kommune. (PDF, 862 kB) Ho presenterte det heile gjennom eit sjølvopplevd case. Til trass for tekniske problem så gjorde Sonja ein veldig god figur der ho klarte å halda fram utan å vise planlagd power point. Det står det respekt av. 

PPT leiar Sonja H. Lærdal Nils Erik Eide

Så hadde mobbeombodet for barnehage og grunnskole i Rogaland Marit Nygård Roth eit veldig bra innlegg om sitt arbeid. 

Her takkar Maren T. Hustoft mobbeombud Marit Nygård Roth for viktig og interessant føredrag Nils Erik Eide

Kulturinnslag var det også rom for, Skjoldabuen Andrè Hustoft Nesheim som er kjend frå The Voice på TV2 for ei tid tilbake, hadde ein flott konsert for dei over 350 personane i salen. Han fenga dei med flotte songar og humoristiske ord mellom songane, dei fleste sjølvkomponerte. 

Artisten Andrè Hustoft Nesheim frå Skjold, som mange kjenner igjen frå The Voice på TV2 Nils Erik Eide

Så fekk alle god lunsj og moglegheit til å gå rundt i salen på stands frå ulike tverrfaglege tenester i kommunen. 

Her frå standen til Skjold barnehage ved styrar Anne Grethe Gravdal. Ho har besøk av einingsleiar Vågen oppvekstsenter Åse Markhus Berge Nils Erik Eide

Etter pausen var det avdelingsleiar for integreringstenesta Miriam Aareskjold og beredskapskoordinator smittevern Anne-Beate Økland som hadde eit interessant innlegg der dei presenterte BTI case, sett frå sine ståstadar. Det heile vart avslutta med ein liten sofaprat med to innvandrarar, om korleis dei opplevde å bli tatt i mot og integrert i Vindafjord kommune.

Miriam Aarekol til venstre og Anne-Beate Økland Nils Erik Eide

Adil Kahn avslutta årets konferanse med eit fengande føredrag “Motstand=Styrke”, som han har reist rundt i landet med i mange år. Eit viktig bodskap om mental helse.

Ordførar Ole Johan Vierdal oppsummerte og takka av årets PåGlimedBTI konferanse på ein fin måte. 

Komiteen som laga til denne konferansen fortenar ein stor takk:

  • Barnevernleiar Turid Askeland
  • Einingsleiar for helse Maren Tjelmeland Hustoft
  • Konsulent tilrettelagde tenester Nina Drivarbekk Haslemo
  • IKT og utviklingsrettleiar oppvekst Pål Askvig


Oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve fortener også ein takk, ho var med i starten og gjorde eit godt forarbeid. 

Dato for neste års konferanse er måndag 20. januar 2025. Då skiftar me namn på konferansen til “Heile Laget Rund Barn og Unge”.