Kompetanseløftet for spesialpedagog og inkluderande praksis er godt i gong i Vindafjord. For tida vert det jobba med kartlegging i ein forprosjektfase som skal ende opp i ein søknad om nye midlar til laget rundt barn og unge. 

 

Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til alle foreldre som har barn under skulealder. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta. Kursstart er utsett frå 3. januar til 7. februar. 

 

Pål Askvig, som har jobba som lærar og inspektør på Ølen skule sidan tidleg 2000 talet, er klar for ny og spanande jobb som IKT- og utviklingsrettleiar oppvekst.

I 2022 tredde barnevernsreforma i kraft. Føremålet er at barn som treng det, skal få hjelp til rett tid. Kommunane får eit større ansvar for barnevernet, og det førebyggjande og tverretatlege samarbeidet må styrkast. 

Tysdag 6. desember hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Elevrepresentantar frå dei ulike elevråda stiller i Barnas kommunestyre, der ein drøftar ulike saker som vedgår dei og resten av kommunen.

1.desember var det tid for å samle tråder i BTI-arbeidet i kommunen. Barnehage, skule, helsestasjon, PPT, barnevern og tillitsvalde hadde stikkord som BTI-handlingsrettleiar, stafettlogg, oppvekstreforma og kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis på agendaen.

17. november arrangerte barnehage - og skuleeigar fagsamling for fagarbeidarar og assistentar i barnehage og skule med tema korleis møta uønska åtferd hjå barn gjennom god kommunikasjon og relasjon.

9. november arrangerte Statsforvaltaren oppvektskonferansen 2022 med tema betre samhandling for utsette barn, unge og deira familiar. Vindafjord var godt representert på konferansen, både fysisk og digitalt. 

Skjold skule har øvd og dansa BlimE-dansen. Resultatet kan du sjå her. 

I år blir det julegåvetre både på Ølen senter og Ølen torg i desember. Her kan innbyggarar i Vindafjord og Etne som har det trongt økonomisk koma med julegåveønske til barn og unge. Dei som vil bidra kan velja eit hjarte og kjøpa inn gåva.