BTI lag!

PPT leiar Sonja H. Lærdal og barnevernleiar Turid Askeland inviterte laget rundt barn og unge (LRBU) til fagdag som hadde fokus på inkluderande praksis i arbeidet med barn og unge. 

PPT leiar Sonja H. Lærdal og Barnevernleiar Turid Askeland tok sporty oppdraget og laga til ein veldig konstruktiv BTI lag dag. Nils Erik Eide

Til vanleg er det oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve som har ansvaret for desse tverrfaglege fagdagane, men ho er for tida einingsleiar i Vats barnehage, så denne gong tok Sonja og Turid oppgåva med eit smil. 

Dei hadde laga til eit veldig bra opplegg med fokus på inkluderande fellesskap. PPT leiaren starta dagen med å fortelja om Etne og Vindafjord sitt arbeid med kompetaneløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Dette etter at styringsgruppa for barn og unge ved kommunalsjefane Halfdan KRohn Brekke og Nils Erik Eide ønskte velkommen. Sigurd Gjerdevik vart forhindra og kunne ikkje møta. 
Vidare hadde barnevernleiar Turid Askeland eit innlegg som ho hadde kalla “Meldeplikt vs teieplikt”. I tillegg til dette så var det ei evaluering av TOT (tverrfagleg oppvekst team) møta før det til slutt vart informert om evaluering av psykologisk førstehjelp. 

Det var brei tverrfagleg deltaking på BTI lag dagen med tema "Saman for inkluderande praksis" Nils Erik Eide

Takk til alle som deltok og gjorde denne fagdagen så bra som den blei.