Når eleven er tilbake på skulen etter ein periode med fråvær, er det heilt avgjerande at skulen møter eleven med ei planlagt, trygg og tilpassa tilbakeføring.
Målet er ikkje berre fysisk oppmøte, men reell deltaking og oppleving av meistring og tilhøyrsle i skulemiljøet. For mange elevar kan det å kome tilbake forbindast med stress, usikkerheit og risiko for aukande fråvær om rammene ikkje er godt nok tilrettelagd.
Ein god tilbakeføringsplan krev meir enn berre ei melding eller einigheit om oppmøte. Det må føreligga ein konkret og tilpassa plan som byggjer på innsikt i kvifor fråværet oppstod, og som inneheld tiltak som støttar eleven i å meistre skulekvardagen over tid.
Eleven må vere med på å evaluere kva som må vere annleis no og kven som har ansvar for kva i oppfølgingsarbeidet.
Skulen må vere open for å tilby fleksibilitet, tryggleik og forutsigbarheit – i tett samarbeid med elev og heim. Under følgjer sentrale prinsipp og tiltak som bør liggje til grunn for planlegging og gjennomføring av tilbakeføringa:
For at ein plan for tilbakeføring til skulen skal vera realistisk og ha gode sjansar for å lukkast, er det avgjerande at eleven sjølv har vore aktivt involvert i arbeidet med å lage planen.
Medverknad frå eleven gir kjensle av eigarskap, og sikrar at tiltak og mål opplevst som meiningsfulle og gjennomførbare.
Planen må byggje på ei reell endring i situasjonen; det inneber at årsakene til fråværet er identifiserte og at vilkåra no er endra, slik at ein kan forvente ei betre oppleving for eleven ved tilbakevending.
Vidare må både faglege krav og forventningar til sosial deltaking vere tydelege, og desse må avklarast ut frå eit realistisk perspektiv sett i lys av sakkunnig vurdering. Kva er må-oppgåver for å sikra vurdering?
Ei tilbakeføringstrapp kan vere eit godt utgangspunkt for denne planen. Det er viktig å ta høgde for eleven sin kapasitet og situasjon, slik at ein unngår overbelastning.
For å unngå at eleven opplev at det einaste alternativet er å gå tilbake til ei tidlegare fråværsutløysande situasjon, må skulen ha alternative løysingar klare. Dette kan til dømes vere tilrettelagte arenaer, fleksible løysingar for oppmøte eller periodar med andre læringsformer. Ein vaksenperson ved skulen som har ein god relasjon til eleven, bør få ei sentral rolle som nærværslos.
Denne personen skal ha særskilt ansvar for kontakt med heimen, tett oppfølging av eleven og vere ein støttespelar i meistring av skulekvardagen. Dette inkluderer å vere tilgjengeleg for dialog, følgje opp tiltak og fungere som bindeledd mellom ulike samarbeidspartar i og utanfor skulen.
Det må vere rom for fleksibilitet. Dersom skulen på eit tidspunkt ikkje har moglegheit for å gjennomføre det tilbodet som er avtalt – t.d. dersom nærværslosen er borte eller støttesystemet ikkje fungerer – kan det faktisk vere betre å ha ei alternativ løysing klart definert, enn å presse fram ein dårleg oppleving for eleven.
Det er viktig å sørge for god forankring og felles forståing i personalgruppa.
Eit ryddig informasjonsmøte i teamet eller kollegiet der saka blir presentert, med tydeleg ansvarsdeling og oversikt over tiltak, legg grunnlaget for heilskapleg og samkøyrt oppfølging.
Det bør utarbeidast ein plan for jamlege oppfølgingsmøte mellom heim og skule dei første månadane etter tilbakeføringa. Dette skapar føreseielegheit, og gir moglegheit for justeringar undervegs.
Etter til dømes tre månadar bør det gjennomførast ei større evaluering av situasjonen, der ein vurderer vegen vidare. Det er viktig at møtetidspunkt blir sett opp i kalenderen med ein gong, slik at dei faktisk blir gjennomførte.
Møta skal dokumenterast i eleven si mappe i Visma Skole, og skal sendast ut til aktuelle tenester som er deltakande i saka.
På trinnmøte og i klasseteam bør nærvær vere ein fast post på agendaen. Dette sikrar at arbeidet med nærvær blir kontinuerleg følgt opp, og at endringar eller utfordringar raskt kan fangast opp og handterast.