Søka fri og permisjon

Fokus for alt arbeid i skulen er læring og at elevane skal ha godt utbyte av undervisninga. Elevane har undervisningsplikt 38 veker per skuleår, 190 dagar. Opplæringslova §2-11 gir likevel rom for permisjon.

  • Dersom du skal søka eleven fri 1-2 dagar, skal fråvær meldast frå om i den digitale meldingsboka 
  • Dersom du skal søka eleven fri meir enn 2 dagar må det søkast elektronisk til rektor på eige skjema
  • Dersom du skal søka eleven fri 15 kalenderdagar eller meir, vil eleven bli skriven ut av skulen.

Vilkår

Det blir ikkje gitt permisjon i følgande periodar for elevar som skal ha:

  • Nasjonale kartleggingsprøvar 1. - 3. trinn
  • Nasjonale prøvar: 5., 8. og 9. trinn
  • I tentamen- og eksamensperiodar for elevar i ungdomsskulen

Det blir understreka at foreldra overtek opplæringsansvaret når eleven har permisjon. I det ligg det at ein oppdaterer seg på arbeidsplanar og leksearbeid i permisjonsperioden. Ein permisjonsperiode skal ikkje gi meirarbeid for undervisningspersonalet.

Eleven kan ikkje pårekna ekstra hjelp frå skulen når han kjem tilbake for å få gjennomgått stoff som er undervist i under fråværet.

Me viser elles til opplæringslova §2-11.