I dag arrangerte Vindafjord kommune sin fjerde PåGlimedBTI konferanse i Skjold Arena med Marco Elsafadi som headliner. Han snakka om relasjonar og inkludering, noko som verkeleg fenga dei oppmøtte i salen.

Sam Skarstad og Anna Von Wald går på lærarutdanning på Augustana University og har observasjonspraksis på Vikedal skule. Universitetet, som er lokalisert i Sør-Dakota, har fleire studentar på utveksling i Noreg i januar.

Måndag 23. januar arrangerer kommunen den årlege "PåGlimedBTI konferansen" i Skjold arena. I år med Marco Elsafadi som hovudattraksjon, der han skal snakka om inkludering, relasjon og samhandling.

Kompetanseløftet for spesialpedagog og inkluderande praksis er godt i gong i Vindafjord. For tida vert det jobba med kartlegging i ein forprosjektfase som skal ende opp i ein søknad om nye midlar til laget rundt barn og unge. 

 

Familie

Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til alle foreldre som har barn under skulealder. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta. Kursstart er utsett frå 3. januar til 7. februar. 

 

Pål Askvig, som har jobba som lærar og inspektør på Ølen skule sidan tidleg 2000 talet, er klar for ny og spanande jobb som IKT- og utviklingsrettleiar oppvekst.

I 2022 tredde barnevernsreforma i kraft. Føremålet er at barn som treng det, skal få hjelp til rett tid. Kommunane får eit større ansvar for barnevernet, og det førebyggjande og tverretatlege samarbeidet må styrkast. 

Tysdag 6. desember hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Elevrepresentantar frå dei ulike elevråda stiller i Barnas kommunestyre, der ein drøftar ulike saker som vedgår dei og resten av kommunen.

Bjørn Roar Vagle frå Korus Vest viste nasjonal oversikt etter tidligare BTI undersøkingar

1.desember var det tid for å samle tråder i BTI-arbeidet i kommunen. Barnehage, skule, helsestasjon, PPT, barnevern og tillitsvalde hadde stikkord som BTI-handlingsrettleiar, stafettlogg, oppvekstreforma og kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis på agendaen.

17. november arrangerte barnehage - og skuleeigar fagsamling for fagarbeidarar og assistentar i barnehage og skule med tema korleis møta uønska åtferd hjå barn gjennom god kommunikasjon og relasjon.