Lokal forskrift for skulerute 2026/27 vedtatt

Kommunestyret vedtok lokal forskrift for skulerute 2026/27 på kommunestyremøte 17. juni 2025. Den har vore på høyring i seks veker, det kom ingen høyringsuttalar i den perioden. 

Pixabay

Kommunestyret vedtok også at skulerutene skal behandlast administrativt framover frå og med skuleåret 2027/28. 

I tråd med opplæringslova § 14-1 skal kommunen fastsetje forskrift om skulerute for grunnskulen. Skuleruta skal sikre at elevane får 190 skuledagar i løpet av skuleåret, og at desse er fordelt på ein måte som tek omsyn til både nasjonale føringar, lokale behov og samordning med barnehage og SFO.

Hovudpunkt i skuleruta:

  • Skulestart: torsdag 20. august 2026 
  • Haustferie: veke 41 (05 – 09. oktober 2026)
  • Juleferie: Tysdag 22. desember 2026 – 03. januar 2027
  • Vinterferie: veke 7 (15 – 19. februar 2027) - MERK AT DENNE ER TO VEKER TIDLEGARE ENN VANLEG DETTE ÅRET
  • Påskeferie: 22.–29. mars 2027 
  • Siste skuledag: torsdag 24. juni 2027
  • Planleggingsdagar: seks dagar fordelt gjennom året, der tre ligg før skulestart 


Totalt gir dette 190 skuledagar, i samsvar med lovkrava. 

Klikk her for å sjå skuleruta for 2026/27