På Gulvet!

Barneverntenesta og familieteamet har denne veka saman gjennomført grunnkurs i verktøyet «På Gulvet». 

Turid Askeland

På Gulvet er utvikla i barneverntenesten i Sandnes kommune. Målet er at omsorgspersonar skal få rettleiing som gjer at dei betre kan sjå hva bornet treng. På Gulvet rettleiing kan gis av barnevernet, av familieteam og andre som møter familiar. 

På Gulvet gir rettleiaren eit tydeligare språk og visuelle verktøy som legg tilrette for samarbeid og felles undring rundt kva bornet treng av sine omsorgspersonar. 

No gler me oss til å sette det nye verktøyet i bruk.

Les meir om “På Gulvet” her

Turid Askeland