Tysdag 24. mai hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Den store saka denne dagen var bevilgningsaka. 

 

Bente Tednes Gjil, einingsleiar Imsland skule

Bente Tednes Gjil har takka ja til å bli den nye rektoren på Vikedal skule frå 1. august. Nåverande rektor Anne Berit S. Tveit går tilbake til jobben som lektor på Ølen vgs.

I dag leia Eva Vatnedal Nordtveit sitt første møte i Ungdomsrådet. Barnehage- og skulebruksplansaka var naturleg nok den saka som engasjerte mest. 

Tradisjonen tru hadde kommuneleiinga og ordføraren samarbeidsmøte med Ølen Vidaregåande skule. Denne gong var omvisning av «nye» ØVGS på agendaen.

Kommunedirektør Ynge Folven Bergesen framfor rådhuset i Ølen.

Ny barnehage- og skulebruksplan har verkeleg engasjert bygdene. Engasjementet og dei vel 400 høyringsinnspela blir også tatt omsyn til i kommunedirektøren si endelege innstilling.

Skuleruta for skuleåret 2023/24 er vedtatt av kommunane i Nord Rogaland, untatt Haugesund kommune, som har si eiga.

Eit barn i Vindafjord kommune treng ein besøksheim, og Etne Vindafjord barnevernteneste søker etter foreldrevikar/besøksheim i samarbeid med familien det gjeld. Kan det vera deg? Som foreldrevikar kan du gjera ein stor forskjell.

Noverande rektor på Vikedal skule går tilbake til sin tidlegare jobb og difor lyser me no ut etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking.

Denne veka var det oppstartsmøte for eit nytt læringsmiljøprosjekt, Bry Deg!, i Oslo. Skulane Vågen, Vats og Sandeid, i tillegg til PPT og skulekontoret, skal vera med på dette.

Denne veka runda OPOM av si synfaringsferd på einingane i oppvekst i samband med at barnehage - og skulebruksplanen skal opp til behandling i mai/juni dette året.