Viste stolt fram ny barnehage

Hatteland har i lang tid jobba med å renovere Nausthaugen barnehage. 1. april opna dei og i dag inviterte styrar Åshild Blikra kommunedirektør Yngve F. Bergesen og kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide på ei lita synfaring. 

Styrar Åshild Blikra står her stolt framfor personalinngangen til den flotte nye Nausthaugen barnehage. Kommunedirektør Yngve F. Bergesen likte det han såg Nils Erik Eide

Under byggjeprosessen leigde Hatteland dei gamle lokala til Vats barnehage i Blikrabygda. 1 april kunne dei altså opne den nye og flotte barnehagen sin, der over 60 barn har fått plass. Dei har, i tillegg til å pusse opp gamal del, sett opp eit nybygg i tilknytning til gamle delen. 

I dag inviterte styrar Åshild Blikra kommunedirektør Yngve F. Bergesen og kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide på ei lita synfaring. Kommunedirektøren likte det han såg. 

- Det var ein flott barnehage som har det meste for at barn og tilsette skal trivast og ha det trygt og godt. Det er veldig flotte lokale og ikkje minst så er det veldig god akkustikk, noko som er viktig for barna og dei tilsette, seier kommunedirektør Yngve F. Bergesen. 

Med på synfaringa var prosjektleiar Kristian Grunnaleite, som også gav kommunedirektøren og kommunalsjefen omvisning i det nyoppussa bassenget. Det er ikkje heilt ferdig enda. Dette vil barna i barnehagen få nytte seg av, i tillegg til dei tilsette i barnehagen og Hatteland. 

Vindafjord kommune gratulerar Nausthaugen med den flotte barnehagen. 

Kommunedirektøren var imponert over den flotte gymsalen til Nausthaugen barnehage. Eit populært rom, i følgje styrar. Nils Erik Eide Eit flott uteområde. Nils Erik Eide Barnehagen ligg fint til og har eit godt uteområde med mange moglegheiter Nils Erik Eide Mange flotte og nyttige fasilitetar, blant anna gode moglegheiter til å setje vogner under tak og toaletter ute for barn og vaksne. Nils Erik Eide Frå venstre kommunedirektør Yngve F. Bergesen, prosjektleiar Kristian Grunnaleite og styrar Åshild Blikra Nils Erik Eide