Publisert 10.05.2021

Nå kan du igjen bli henta heime, køyrt til butikken, handla, ta ein kopp kaffi og drøsa med folk før du blir køyrt heim. Treng du hjelp med varene, får du det heilt inn på kjøkenbordet.

 

Publisert 06.05.2021

3. og 4. klassingane på Imsland skule og barnehage har den siste tida vore med i Batterijakta og samla batteri til den store gullmedaljen; i allefall til sølv! Dei kom nemleg på 2.plass i Noreg og vann heile 20.000 kr.

Publisert 28.04.2021

Frå og med torsdag denne veka og ut neste veke, blir det ein del anleggstrafikk opp til Stemmetjørn. Arbeidet med Skjold vassverk vil pågå fram til sommaren, men det blir også tatt omsyn til turgåarane i det populære turområdet.

  

Publisert 26.04.2021

Alle i Vindafjord som fekk første dose av AstraZeneca, får no tilbod om Pfizer som dose 2.

 

Publisert 23.04.2021

Den raude telefonkiosken er no transformert til ein flott lesekiosk.

 

Publisert 18.04.2021

Smitten på Haugalandet har vore godt på veg ned denne veka, og ein har kontroll. Slik er det og i Vindafjord. Me har ikkje registrert nye smitta denne perioden. Dei fleste butikkar, treningssenter og serveringsstader har opna opp att, og skulane i kommunen vår er på gult nivå.

Publisert 15.04.2021

Velkomen til våre nye nettsider som er lansert i dag torsdag 15. april. Målet er at dei skal vera enklare å finna fram i, og at tenestene blir presenterte på ein klar og tydeleg måte. 

 

Publisert 09.04.2021

Denne veka har me auka vaksinasjonstakten. Totalt er det sett nesten 1.500 dosar, der om lag ein tredjedel er fullvaksinert og to tredjedelar har fått sin første dose.

Publisert 09.04.2021

Rett etter påske skulle kosting av strøsanden etter vinteren på kommunale vegar og fortau begynt. På grunn av det kalde, og til tider vinterlege vêret, blir det oppstart vel ei veke seinare enn planlagt.