Årsrekneskap 2024

Store ekstrainntekter pregar resultatet for Vindafjord kommune for 2024. 

Bilde av kalkulator - Klikk for stort bilete stevepb@Pixabay

Store ekstrainntekter pregar resultatet 
Førebels rekneskap viser at Vindafjord kommune fekk eit veldig godt økonomisk resultat i 2024, med eit netto driftsresultat på 61,1 millionar kroner. Dette svarar til om lag 5,8 % av brutto driftsinntekter som var på kr 1,051 milliardar i fjor. Kommunen si målsetting og kommune-«norma» er 1,75 % over tid.  

 «Vindafjord kommune har over tid hatt gode økonomiske rammevilkår, og levert gode resultat over fleire år. Sjølv om skatteinngangen nasjonalt svikta i fjor, hamna me litt over budsjett i Vindafjord. I tillegg fekk me statlege overføringar mot slutten av året som kompensasjon for svake skatteinntekter for kommunane, noko som vart ein rein bonus for oss. Når me i tillegg fekk eit fantastisk godt resultat frå våre finansielle plasseringar og mykje meir enn venta frå Havbruksfondet blei det eit veldig godt resultat for kommunen også i 2024. Dette er dessverre meirinntekter me ikkje kan rekne med for framtida, mellom anna fordi inntektssystemet for kommunane vert lagt om frå 2025, med større utjamning av skatteinntektene. Arbeidet med omstilling av kommunen må difor halde fram. Det er likevel gledeleg å sjå at mindreforbruket i rammeområda blei mykje mindre enn prognosane, sjølv om ein god del skuldast lågare utgifter til pensjon og lønnsoppgjer enn det som var budsjettert. Resultatet styrkar kommunen sitt økonomisk handlingsrom framover og styrkar bufferen vår for dårlegare resultat i framtida. Dette blir viktig i åra framover der mellom anna dei demografiske endringane med fleire eldre og færre yngre vil gjere seg gjeldande», seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. 

God lokal skatteinngang mot slutten av året, på tross av nasjonal skattesvikt 
Nasjonalt var det ein svikt i skatteinntektene mot det som blei lagt til grunn for kommunesektoren før året, og endeleg resultat blei om lag 1 % lågare enn det siste anslaget frå november 2024. Skatteinntekta i Vindafjord var mykje sterkare enn landet i november og desember og skatteinngangen auka frå 108 % til 115,5 % ved utgangen av året. Det er det beste resultatet samanlikna med landssnittet sidan 2013 (117,1 %). Totalt fekk kom det inn kr 17 mill. meir enn budsjettert. Etter justering for inntektsutjamninga enda det på om lag ca. 0,75 millionar kroner i netto meirinntekter mot budsjett.  

2024 var siste året før omlegging av skatteinntektene til kommunane, der mellom anna kommunane sin del av formueskatten blir halvert og utbytte blir tatt vekk. Desse komponentane har særleg vore medverkande til høg skatteinngang for kommunen dei siste åra. Etter omlegginga er det venta at skatteinngangen i Vindafjord vil bli nærare landsgjennomsnittet. 

Ekstra statlege overføringar 
Rett før årets slutt fekk kommunane kompensasjon for svikt i skatteinntektene og høg prisvekst, for Vindafjord kommune gav dette då ein rein meirinntekt mot budsjett på 6,9 millionar. 

Stor meirinntekt frå Havbruksfondet 
Utbetalinga frå Havbruksfondet for 2024 blei den største sidan Havbruksfondet blei oppretta. Bakgrunnen for dette er mellom høge auksjonsprisar på oppdrettsløyver. Midlane frå Havbruksfondet blir fordelt til alle kommunar og fylkar som har oppdrett. Vindafjord kommune sin del i 2024 blei heile 16,3 millionar, som var 6,3 millionar over budsjett. 

Av andre store inntektspostar gav eigedomsskatt kommunen 39,9 millionar i inntekter, om lag 1 million over budsjett.  

Veldig godt finansielt resultat 
Høg likviditet og god avkastning i verdipapirmarknaden gav store meirinntekter for kommunen mot budsjett, og samla blei dei eit positivt budsjettavvik frå finans på kr 21,42 millionar. Renteinntektene hamna på 22,45 millionar mot eit budsjett på kr 12,4 mill. Utbytte frå Haugaland Kraft AS og SØK AS enda på 27,54 mill. og utbytte på eigenkapitalbevis i verdipapirmarknaden på 2,44 millionar. I tillegg blei det bokført ein finansiell gevinst på finansplasseringar med kr 7,37 millionar.  

Kommunen sine renteutgifter auka frå 24,2 millionar i 2023 til 32,77 millionar, vel 1,1 millionar under budsjett. Kommunen betalte 29,7 millionar i avdrag og hadde ei total lånegjeld på kr 733,78 millionar ved årsskifte. Av desse er kr 71,17 millionar lån frå Husbanken til vidare utlån (Startlån). Netto lånegjeld (samla gjeld minus utlån og ubrukte lånemidlar) i % av brutto driftsinntekter var 62,1 %. 

Over 55 millionar i integreringstilskot  
Kommunen tok i mot totalt 105 flyktningar i 2024 og fekk om lag 55,5 millionar i integreringstilskot. Dette er om lag 10,5 millionar meir enn justert budsjettert. Kommunen får fullt tilskot for år 1 uansett på kva tid av året ein flyktning blir busett, og mykje av kostnadane til busettinga vil kome i åra som ligg føre oss. Meirinntekta mot budsjett er sett av til fond for å dekke framtidige kostnadar til busetjing. 

Redusert meirforbruk og lågare pensjonsutgifter rammeområda 
Rammeområda fekk eit resultat nesten i balanse mot budsjett, langt betre enn dei meldte prognosane. Hovudårsaken til det er lågare pensjonsutgifter og noko lågare lønnsutgifter enn venta, som samla gav ei innsparing på om lag 12 millionar. Sjølvkostområda innan Forvaltning, drift og utvikling hadde eit overskot på 2,8 millionar, der 1,5 millionar blir sett av til fond og resten dekker framførbart underskot frå tidlegare år.  

Meir detaljer om rammeområda kjem i årsmeldinga. 

Investeringar 
Investeringsutgiftene enda på 229,8 millionar kroner i 2024. Vindafjordhallen var det største enkeltprosjektet med ei brutto investering på kr 120,5 millionar i 2024. 

Vidare prosess 
Rekneskapen er sendt til revisjonen for kontroll og godkjenning, før den skal til behandling i kommunestyret saman med årsmeldinga før sommaren.