Linjeproff AS har fått i oppdrag av Telenor Norge AS å gjennomføra sanering av stolpar og kabelstrekk i utvalde område i Vindafjord kommune. I hovudsak vil arbeidet foregå langs hovudveg og linjestrekk i områda Ilsvåg, Imsland, Nedre Vats, Rønnevik, Vikebygd, Vikedal og Øvre Vats. Arbeidet vil foregå frå februar og fram til sommeren 2025.
Merk at det kun er stolpar og kabelstrekk som er frigitt for sanering som inngår i arbeidet. Stolpar med strømførande kablar blir eigd av strømselskapet. I desse traseane er det kun Telenor sin kopparkabel som skal fjernast. Det samme gjeld stolpar der det er, eller er planlagt montering av fiberkabel.
Arbeidet med sanering av kopparnettet vil forgå over fleire år, og er til dels styrt i henhold til vedtak fra NKOM (Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet).
Det blir med dette varsla om at delar av arbeidet vil foregå på privat grunn. Privat utstyr som antenner/utebelysning etc i stolpar er ikke tillatt. Slikt utstyr må fjernast før arbeidet blir sett i gong.
Det er ikkje høve til å overdra stolpane etter sanering. Dette fordi stolpane inneheld miljøgifter, og Telenor forholder seg til krav frå myndighetene om forsvarleg destruering av desse stolpane.
For meir informasjon vennligst ta kontakt med Linjeproff AS:
Jørn-Bjarne Johansen 905 81 929
Ronny Østli 909 97 114
E-post: sanering@linjeproff.no