Samanslåing av institusjonsdrift i Vindafjord kommune

Kommunestyret har beslutta at ein skal sjå på samanslåing av institusjonsdrifta i Vindafjord. Dette kan påverke tenester for bebuarar på omsorgsbustadane ved Vindafjordtunet og bebuarar på institusjonane ved Vindafjordtunet og Ølen Omsorgssenter. 
 

Det vert informasjonsmøte for bebuarar, pasientar og næraste pårørande: 

Vindafjordtunet: 10.03, Kl. 17.00 
Ølen Omsorgssenter: 11.03, Kl.17.00

Det er oppretta ei prosjektgruppe som arbeidar på mandat frå Kommunedirektørens leiargruppe. 
Meir informasjon om arbeidet og status kring dette vert presentert på informasjonsmøte ved Kommunalsjef Helse Sigurd Gjerdevik og prosessleiar Annelin Bauge. 
Det vil verta mogleg å komme med spørsmål og innspel til prosessen.
 
Vel møtt!  

Ein rulator står foran to krakkar ved eit vatn - Klikk for stort bilete Annelin Bauge