Ølen omsorgssenter er hovudkontor for dagsenteret for heimebuande eldre, samt basekontor for heimetenestene i indre sone, som gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Hovudkjøkkenet for institusjonane og middagsutlevering er også lokalisert i Ølen omsorgssenter.
Besøk
Ølen omsorgssenter har besøkstid frå klokka 09.00 til 20.30, men det er ønskeleg at besøkande kjem utanom måltida.
Etter klokka 15.30 er hovuddøra stengt, og besøkande må nytta ringeklokka på veggen ved inngangsdøra. Det kan ta litt tid før døra vert opna då personalet kan vera opptatt med bebuarane.
Måltid
Dagsrytmen vert tilpassa den enkelte etter ønsker og behov. Det er likevel nokre faste måltider i løpet av dagen:
- Frukost frå kl 08.00
- 12.30: Middag
- 15.30: Kaffimat
- 18.30: Kvelds
Ølen omsorgsenter er oppteken av at måltid vert servert for bebuaren, og tilstrebar at ønsker og behov vert dekka. Det er tilbod om småmåltid, også utanom dei faste måltida. Steiking av fiskekaker, speilegg, omelett og mykje meir vert til tider laga.
Slik finn du oss
Ølen omsorgssenter har innkjøring frå E 134, saman med innkøyring til rådhuset i Ølen. Fortsett opp bakken til inngang i bygget.
1. etasje: Dagsenter for eldre, produksjonskjøkken, base for heimetenestene indre sone, samt kontor for konsulent og vaktmeister.
2. etasje: Korttidsplassar og rehabilitering, inkludert lindrande seng.
3. etasje. Somatisk langtidsavdeling og kontor for einingsleiar.