Søknadsskjema kommunale helse- og omsorgstenester
Her finn du dei aktuelle tenestene du må søkja om.
Dersom ein annan person sender inn søknaden på vegner av deg, må du gi fullmakt til denne personen. Signert fullmakt kan enten leggjast ved søknaden eller ettersendast til kommunen per post, merka «Tenestekontoret».
Skjemaet skal sendast direkte til
Tenestekontoret, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.
Hjelp til å søka
Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjemaet, kan du ta kontakt med tenestekontoret på rådhuset i Ølen. Sjå kontaktinformasjon på denne sida.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.
Prisar
Dei fleste helse- og omsorgstenester er utan eigenbetaling. Betalande tenester står det meir om i gebyrlista til Vindafjord kommune.
Gebyrliste
Klagerett
Du kan klaga på eit vedtak innan tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du beskriva kva du klagar på, og kva du ønsker endra i vedtaket. Du må begrunna klagen.
Klagen skal sendast til tenestekontoret, slik at me kan vurdera om det er grunn til å endra vedtaket. Dersom klagen ikkje blir tatt til følge, sender me klagesaka til statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.
Det er pasient- og brukarombod i alle fylker. Der kan du venda deg dersom du har behov for råd, rettleing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.
Aktuelt lovverk