Fysioterapi for eldre

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeutane i kommunen. Dette gjeld både for dei kommunale og dei private med driftstilskot.

Eldre kan, alt etter funksjonsnivå, få tilbod om fysioterapi på institutt, i heimen eller i grupper. Kva som er aktuelt vert vurdert og bestemt i samråd med den enkelte pasienten.

Fysioterapeutane på institusjon, er i hovudsak tilknytt korttidsavdelinga på Ølen omsorgssenter. Her der det fysioterapeut til stades dei fleste dagane i veka. Dei som har behov for fysioterapi og rehabilitering får dette når dei er innlagt her.

Det er ikkje fysioterapeut fast til stades på langtidsavdelingane i kommunen. Ved akutt oppståtte skadar eller funksjonsnedsettingar, vert terapeut kontakta ved behov.