Om SLT

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT skal sikra at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet, blir meir samkjørt og målretta.

SLT logo - Klikk for stort bilete

SLT-modellen

SLT-modellen er utvikla for å koordinere kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og dei kommunale einingane som tar kriminalitetsførebyggande omsyn. Det inkluderer også to andre viktige delar av lokalsamfunnet: næringslivet og dei frivillige organisasjonane.

SLT-arbeidet i Vindafjord fokuserer på desse spørsmåla:

  • Kva er dei største utfordringane for unge menneske i vår kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsett for å havne i enda større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

Meir om SLT-modellen

Korleis er SLT-arbeidet organisert?

SLT-arbeidet er koordinert saman med arbeid knytt til BTI - og folkehelsearbeid i kommunen. Politikontakten er også involvert. 

Handlingsplanar

Kontaktinformasjon

SLT styringsgruppe

Anne Sofie Sandvik
Kommunalsjef samfunnsutvikling

Sigurd Gjerdevik
Kommunalsjef helse og omsorg

Nils Erik Eide
Kommunalsjef oppvekst