Politikontakt

Politikontakten skal vera det primære bindeleddet mellom kommunen og politiet.

politikontakt - Klikk for stort bilete Kontakt

 

Hovudoppgåver og spesielle fokusområde

  • Politikontakten skal styrka det eksisterande førebyggande arbeid som alt er etablert og vera ein del av resten av det kriminalitetsførebyggande arbeidet i kommunen.
  • Politikontakten skal vera eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politi, publikum og dei ulike aktørane i kommunen.
  • Politikontakten skal fungera som politiet sitt kontaktpunkt for det førebyggande arbeidet i distriktet. Politikontakten skal så langt ressursane tillet det, vera med i det praktiske arbeid som for eksempel foredrag i skular.
  • Politikontakten skal gi råd om og sjå til at kriminalitetsførebyggande metodar og tiltak blir rett brukt i kommunen.
  • Politikontakten skal vera pådrivar i arbeidet med politiråd. Her skal politikontakten ha særleg ha fokus på oppfølging  av avtalar og planar.
  • Politikontakten skal delta aktivt i planlegging og styring av politiet si operative teneste.
  • Politikontakten skal arbeida for å skapa felles oppfatning av problem og mål mellom politi og kommune. Politikontakten skal fremma deling av kunnskap og utveksling av erfaring. Vidare skal politikontakten presentera politiet sin analyse av kriminaliteten i kommunen i dag og venta utvikling. Dette må sjåast i samanheng med kommunen sine eigne vurderingar av situasjonen. Politikontakten må difor ha god lokalkunnskap og henta inn etterretning om trendar og utviklingstrekk i lokalsamfunnet, samt opplysningar om grupperingar og enkeltpersonar som er inne i ei negativ utvikling.
  • Politikontakten skal etablera kontakt med andre offentlege organ og  myndigheiter, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar med meir med fokus på førebyggande samarbeid. Politikontakten skal ha særleg fokus på kontakt med lokalt  NAV kontor, kommunale helsetenester, skular, interkommunale barnevern og integreringstenesta.