Nils Erik Eide
Ellen Marie Hagevik
Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe. Saman har leiargruppa eit overordna ansvar for å følgje opp politiske og administrative vedtak og sikre at organisasjonen når dei måla som er sette.
Kommunalsjefen skal bidra til god utvikling av kommunen sine tenester, ein tydeleg arbeidsgjevarpolitikk og ei aktiv samfunnsrolle.
Kommunalsjefen har òg det overordna faglege og økonomiske ansvaret for heile rammeområdet, og skal sikre at tenestene blir drivne i tråd med overordna mål og føringar.
Kommunalsjefen har ansvar for
- Strategisk leiing av kommunalsjefen si leiargruppe
- Overordna leiing av rammeområdet
- Budsjett og økonomistyring
Leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst er
- Barnehage- og skulesjef
- Barnevernleiar
- PPT leiar
- Leiar for Kultur og læring
Det er sju skular i Vindafjord kommune:
Skuleeigar
Oppvekstkontoret har det overordna ansvaret for skulane i Vindafjord, i tråd med opplæringslova og tilhøyrande forskrifter. Kontoret følgjer opp skulane gjennom fagleg rettleiing, internkontroll og utviklingsarbeid.
Oppvekstkontoret utarbeider strategiplanar, årlege tiltaksplanar og andre styringsdokument som følgjer opp politiske vedtak og prioriteringar på skuleområdet. Kontoret samarbeider tett med politisk utval for oppvekst og omsorg (OPOM).
Vindafjordskulen i utvikling
Målet er at elevane i Vindafjordskulen skal ha eit læringsutbytte, både fagleg og sosialt, som minst ligg på nasjonalt nivå.
For å få til dette treng vi gode lærarar, tydelege skuleleiarar og eit aktivt skuleeigarskap. Oppvekstkontoret legg til rette for utvikling av skuleleiarar og lærarar, slik at elevane får best mogleg læring og utvikling. Familie, bakgrunn og klasse- og skulemiljø spelar òg ei viktig rolle.
Det er fem kommunale og tre private barnehagar i Vindafjord kommune:
Barnehageeigar
Barnehageeigar har det overordna ansvaret for barnehagane i Vindafjord, i tråd med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Barnehagane blir følgde opp gjennom fagleg rettleiing, internkontroll og systematisk utviklingsarbeid.
Det blir utarbeidd strategiplanar, årlege tiltaksplanar og andre styringsdokument som følgjer opp politiske vedtak og prioriteringar på barnehageområdet. Arbeidet skjer i tett samarbeid med politisk utval for oppvekst og omsorg (OPOM).
Vindafjordbarnehagen i utvikling
Målet er at alle barn med rett til barnehageplass, og som søkjer innan fristen for hovudopptaket 01.03, skal få tilbod om plass i kommunen.
Vindafjord kommune arbeider for barnehagar med høg fagkompetanse, gode leiarar og trygge læringsmiljø. Språk og omgrepsutvikling er eit viktig satsingsområde, særleg for barn som treng ekstra støtte i språkutviklinga eller har eit anna morsmål.
Tidleg innsats og førebyggjande arbeid står sentralt. Barna skal møte trygge barnehagar med nok vaksne og tilsette med relevant kompetanse. God psykisk helse, arbeid i nettverk og barnehagebasert læring er viktige delar av dette utviklingsarbeidet.
Vindafjord kommune er vertskommune for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for Etne og Vindafjord. Tenesta er lovpålagd etter opplæringslova og barnehagelova, og alle kommunar og fylkeskommunar skal ha eit PPT-tilbod.
PPT hjelper barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at tilbodet kan bli betre tilpassa barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.
Tenesta utarbeider òg sakkunnige vurderingar når det er behov for det. Dette kan vere grunnlag for vedtak om spesialundervisning, hjelp til barn under opplæringspliktig alder og tilrettelegging for vaksne innan grunnskuleområdet.
PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom Etne og Vindafjord, der Vindafjord kommune er vertskommune.
Vindafjord kommune er vertskommune for Etne og Vindafjord barnevern. Tenesta skal hjelpe barn, unge og familiar som treng støtte, og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern når barn lever under forhold som kan vere skadelege for helse eller utvikling. Målet er å gi rett hjelp til rett tid, og så tidleg som mogleg.
Tenesta er for barn og unge frå 0 til 18 år og familiane deira. Hjelpetiltak kan i nokre tilfelle halde fram etter fylte 18 år, og fram til 25 år.
Etne og Vindafjord barnevern arbeider etter gjeldande lovverk, og ny barnevernslov tok til å gjelde frå 01.01.2022.
Tenestene innan kultur og læring som er omfatta av opplæringslova, ligg under oppvekstområdet. Dette gjeld kulturskulen, skulebiblioteket og vaksenopplæringa.
Desse tenestene er viktige bidrag til læring, utvikling og deltaking for innbyggjarane i ulike aldrar og livssituasjonar. Tilboda skal støtte opp om læring, meistring og inkludering, og vere ein del av kommunen sitt samla arbeid for gode oppvekst- og læringsvilkår.
Kulturskulen gir barn og unge høve til å utvikle skaparglede, engasjement og ferdigheiter innan kunst- og kulturfag. Skulebiblioteket støttar leselyst, læring og tilgang til kunnskap i skulekvardagen. Vaksenopplæringa gir opplæring og kvalifisering til vaksne med ulike behov.
Saman er desse tenestene med på å styrkje livslang læring og gi innbyggjarane gode moglegheiter for utvikling og deltaking.
Vindafjord kommune har ikkje eigen SLT koordinator, men har organisert det slik at SLT arbeidet likevel held fram på ein god måte. Kommunen har difor ein koordinator for SLT for å sikra at tenestene går i takt med desse nye og viktige satsingane for laget rundt barnet og har samarbeid med politiet som kommunen sin politikontakt.
Kommunalsjefane for helse og omsorg, oppvekst og samfunnsutvikling fungerer som styringsgruppe for laget rundt barn og unge (LRBU). Det at alle områda er representert også på overordna nivå, er med og understreker kor viktig heilskap og samanheng er i arbeidet.