Kommunalsjef samfunnsutvikling

Kommunalsjef Anne Sofie Sandvik har ansvar for rammeområde forvaltning drift og utvikling, dvs eining areal og forvaltning, kommunaltekniske tenester og reinhald. I tillegg har kommunalsjefen også ansvar for eining kultur og læring.  

Anne Sofie Sandvik

Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Kommunalsjefen har ansvar for

Kommunalsjef er ein del av kommunedirektørens strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i høve til politiske og administrative avgjerder og følgje opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområde, og har ansvar for at tenestene vert drive i samsvar med dei overordna måla som vert sett.

Kommunalsjefen har ansvar for

  • Strategisk leiing av kommunalsjefen si leiargruppe
  • Overordna leiing av rammeområdet forvaltning, drift og utvikling
  • Overordna ansvar for kulturfeltet og samhandling med frivillig sektor
  • Budsjett og økonomistyring
  • Overordna plan og planstrategi
  • Strategisk kjøp og sal av eigedom
  • Overordna samferdselssaker, infrastruktur, breiband mm
  • Overordna folkehelsearbeid
  • Bidra strategisk til heilskapleg utvikling av kommuneorganisasjonen og kommunen, som en del av kommunedirektøren si leiargruppe.
  • Overordna næringsarbeid
  • Kommunalsjefen skal og ha eit utadretta fokus på samfunnsutvikling/bygdeutvikling og samarbeid
  • Administrativt ansvar for prosjekt «Vakre Vindafjord»

Areal og forvaltning

Eining areal og forvaltning dekkar fagområda plan, byggjesak (inkl. deling), oppmåling, landbruk (jord- og skogbruk), vilt- og fiskeforvaltning, adressering, kart, eigedomsskatt, utslepp frå og tilsyn med private avløpsanlegg og forureining (i hovudsak frå landbruk). Eininga har og arbeidsoppgåver knytt til forvaltning av vatn (ferskvatn og fjordar) gjennom vassområdeforvaltninga (både i Rogaland og i Vestland) og eit prosjekt på frivillige forureiningstiltak i landbruket på Haugalandet.

Kommunaltekniske tenester

Eining kommunaltekniske tenester har blant anna ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar, anlegg, vegar, idrett- og grøntområde, sal og utleige av næringsareal, samt dei gebyrbelagte tenestene vatn og avløp. Eininga har også ansvar for sakshandsaming innanfor dei ovannemde fagområda.

Vindafjord kommune er med i interkommunalt samarbeid for desse tenestene

Reinhald

Eininga reingjer i alle kommunale bygg og fellesareal i bygg med omsorgsbustadar i. Eininga sel reinhald til eksterne, og det vert selt utvask av kommunale bustadar.

Eininga har ansvar for vaskeriet på Vindafjordtunet. Her blir klær til bebuarane og anna utstyr på Ølen Omsorgssenter og Vindafjordtunet vaska og frakta fram og tilbake.

Kultur og læring

Omfattar generelt administrativt kulturarbeid i kommunen, kulturskule, bibliotek, vaksenopplæring og frivilligsentral. Eininga er stasjonert i Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen, tenesteaktiviteter og undervisning skjer både der og ut i grendene.

Næring

Kommunalsjefen har det overordna næringsansvaret i kommunen. Ta gjerne kontakt for spørsmål knytt til næringsetablering og andre spørsmål knytt til næringsutvikling. Kommunen har likevel her god hjelp frå andre aktørar og Medvind24 Næringshage har ansvar for førstelinjeteneste knytt til næringsetablering.

Næringsutvikling krev god kommunikasjon på tvers og godt samarbeid med næringslivet og andre næringsaktørar. Kommunalsjefen har faste møte med både Medvind24 og Fikse næringsutvikling SA for å sikre god dialog i næringsutviklingsspørsmål.

I kommunen har me mange spennande næringsområde, både kommunale og private område. Eining kommunaltekniske tenester har oversikt over ledige tomter for sal i desse områda. 

Attraktive bustadområde og bustadtomter er viktig for oss. Me har mange ledige tomter i heile kommunen og nokre av desse har kommunen oversikt over og sel direkte. Ta kontakt med kommunaltekniske tenester for spørsmål om sal og kjøp i desse områda. Vindafjord tomteselskap har i all hovudsak all bustadutvikling for kommunen og ta derfor først kontakt med dei for å finne din drøymeplass. 

Vakre Vindafjord

Velkommen til Vakre Vindafjord!

Me har som mål å få fleire til å busetja seg i kommunen. Om kort tid vil det komme ei eiga side som vil fortelje om korleis me jobbar for dette, og der me presenterer kommunen vår med alt det spennande me har å tilby til deg som bur her, til deg som besøker oss, til deg som jobbar hos oss og særleg til deg som drøymer om å busette deg her.

Kontaktinformasjon

Anne Sofie Sandvik
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
E-post
Mobil 936 46 043
Erle Mæland Aasheim
Einingsleiar
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 907 77 655
Marit Øverland Ilstad
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Telefon 53 65 61 02
Mobil 416 99 045
Lillian Vormestrand
Einingsleiar
Reinhald
E-post
Telefon 53 65 61 40
Mobil 901 17 893
Ane Kesia Eide Fatland
Einingsleiar og kultursjef
Kultur og læring
E-post
Telefon 53 65 58 50
Mobil 480 99 251