Om skulefritidsordninga

Kva er SFO?

  • Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn på 1. til 4. trinn.
  • Barn med særskilte behov på 1. til 7. trinn kan også søka om SFO-plass.
  • Det er SFO knytta til alle grunnskulane i kommunen.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og skal difor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa barna og foreldra sine behov.

SFO for barn i 5.-7. klasse med særskilte behov

De kan søka om gratis SFO-tilbod for barn i 5.-7. trinn med særskilte behov. Kva som er «særskilte behov» skal ifølge lovverket sjåast i samanheng med krav i lova om at barn med nedsett funksjonsevne skal ha gode utviklingsmoglegheiter, jamfør opplæringslova § 13-7 andre ledd. Dette tilbodet må de søka om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg. Ta kontakt med skulen v/rektor for å få informasjon om søknadsprosedyre.

Vilkår

Morgon-SFO

Det må vera minst fem påmeldte for at skulane skal kunna oppretta eit slikt tilbod (fem som har pakkar med tilbod om morgon-SFO). Einingar som har både barnehage og skule kan dersom kapasitet tilby morgon-SFO i samarbeid med barnehagen.

Ferie-SFO

SFO-tilbod på ferie- og fridagar blir berre gitt for full dag frå klokka 07.00 til 16.30, og berre dersom det er nok påmeldte.

Vindafjord kommune tilbyr ferie-SFO på Ølen skule og/eller Skjold skule.

Tilbod på planleggingsdag (ferieSFO)

  • Alle føresette kan kjøpa separate ferieveker for høsthalvåret og vårhalvåret, og enkeltdagar dersom det er kapasitet.
  • Det blir gitt tilbod om ferieSFO på ein av skulane sine tre planleggingsdagar i august (jamfør vedtektene).
  • Det blir ikkje gitt tilbod om SFO på andre planleggingsdagar (det er tre dagar utanom august). Sjå skuleruta.

Slik søker du, endrar eller seier opp SFO-plass

Meir om prisar og betaling 

Regelverk for SFO (Udir)

Her har Udir samla aktuelt regelverk for SFO. 

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Pål Askvig
Pål Askvig
Konstituert barnehage - og skulesjef
Oppvekst
E-post
Mobil 91 55 72 66